Visjon

– tryggleik – læring – glede –

Med tryggleik meiner vi:

  • Elevane er trygge på seg sjølv og dei rundt seg. Klassen er den trygge ramma i skulekvardagen. Difor er det viktig å arbeida for godt og trygt klassemiljø.
  • Elevane skal òg kjenne seg trygge ute i lag med alle elevane på skulen. Elevane skal bli kjende med elevar frå andre klassar. Dette kan skje gjennom undervisning i aldersblanda grupper og i kor – og danseøkter. Veneklasse-aktivitetar fører òg til auka trivsel og tryggleik.
  • Elevar som gjer medelevane sine utrygge må passast ekstra på, event. få andre alternativ i friminutta.
  • Positive grenser skaper tryggleik. Difor skal vi innarbeida gode rutiner i klassen og i friminutta. Skulereglane og klassereglane skal vera tydelege og kjende for elevane.
  • Dei vaksne skal vera synlege. Trygge vaksne gjev oftare trygge barn. Difor skal vi arbeida for eit trygt arbeidsmiljø for personalet ved skulen.

Med læring meiner vi:

  • Læring er å opparbeida seg varig kunnskap. Læring er endring.
  • Læring er at elevane ved attforteljing viser at dei kan bruka det dei har lært.
  • Vi legg til rette for kunnskapslæring og sosial læring.
  • Det er viktig for god læring at lærar har god kompetanse innan faget og at det vært nytta ulike læringsstrategiar for å nå den einskilde elev.
  • Tryggleik fremmer læring.
  • Der fins mange vegar mot målet. Vi tek utgangspunkt i den enkelte elev, og målet er at elevane får individuelt tilpassa undervisning.

Med glede meiner vi:

  • Vi skal sjå kvar enkelt elev og gjennom «strokes» visa at vi bryr oss, eit venleg klapp på skuldra eller stryk på kinnet er viktig.
  • Vi skal vera rause med positiv oppmuntring og venlege ord.
  • Elevane opplever glede når meistring deira blir forsterka.
  • Gladagen er sentral i skuleveka
  • Vi nyttar humor når det er naturleg å gjere det. Humor opnar dører. Kortaste vegen mellom 2 menneske er eit smil.