Velkommen til skulestart 16.08

Torsdag 16. august ønskjer vi velkommen til nytt skuleår ved Landro skule. Det er nok litt ekstra spennande med oppstart for våre nye elevar frå Turøy og Misje, samt våre nye 1. klassingar. Vi skal jobbe godt for å skape ein trygg og god skulestart for alle!

Start og slutt første skuledag:

  • 1. klasse kl. 09:00-12:30 frammøte i gymsalen
  • 2.-7. klasse kl. 08:15-12:30 frammøte i gymsalen
  • SFO er open i vanleg opningstid første skuledag

Personalet er ute for å møte elevane frå klokka 08:00. Viser til eige skriv og tidlegare oppdatering på heimesida angåande skuleskyss frå Turøy og Misje. Ein frå administrasjonen vil vera til stades i starten for å trygge elevane og sjå til at transporten med minibussane fungerer slik vi ønskjer.

Vi ser fram til og gler oss til å møte elevane, og saman skal vi skape eit godt skuleår! Ta kontakt med administrasjonen dersom De har spørsmål eller noko er uklårt!

Comments are closed.