Ulike og unike på Landro skule

Sist veke gjennomførte Landro skule temaveka «Ulike og unike». Vi hadde livsmeistring og psykisk helse på timeplanen.

Målet med veka var å læra å forstå og tolerera kvarandre betre, samt å godta at vi alle er ulike og har ulike behov. Elevane vart gjennom ulike aktivitetar betre kjende med omgrepet livsmeistring.

Livsmeistring handlar om å kunne forstå og å kunne påverke faktorar som betyr noko for eige liv. Temaet skal bidra til at elevane lærer noko om å handtere medgang og motgang, og personlege og praktiske utfordringar på best mogleg måte. Folkehelse og livsmestring som tverrfaglege tema i skulen skal gi elevane våre kompetanse som fremjkar god psykisk og fysisk helse. Dette er utan tvil viktig kompetanse å utvikle for elevane for å meistre kvardagen på godt og vondt.

Kjensler

Veka starta med ei fin fellessamling for alle elevane våre. Ulike innslag som song, dans og innlegg skapte ein fin balanse mellom glede og alvor. Gjennom veka har elevane jobba både klassevis, trinnvis og felles med ulike aktivitetar. Heime hadde elevane fokus på å gleda andre ved å hjelpe til med praktiske gjeremål eller på andre måtar gjere nokon glad. I timane jobba dei med ulike kjensler som skam, sinne, redsle og det å vera trist eller lei. Den tredelte hjernen og toleransevindauget var tema som dei litt eldre elevane fekk reflektera rundt. Målet var å gjere elevane betre kjent med kjenslene sine og samstundes gi dei verktøy til å handtere ulike kjensler. Temaveka fekk også sin eigen låt med tittelen «Ulike og unike». I løpet av veka var elevane på fellesturar i nærmiljøet, noko som gleda både dei små og store.

Frå tur med 1. og 4. trinn

Fellessamling

1.-4. trinn avslutta veka med ei rørande og flott fellessamling. Her delte dei med kvarandre kva dei hadde jobba med gjennom veka, og det ble både høgtlesing og dramatisering. Det var sterkt å høyre blant anna førsteklassingane setje ord på kva dei er stolte av og kva dei er redde for. Fjerdeklasse sette også ord på ulike kjensler: «Ein kan vere mange typar redd: vanleg redd, flau-redd, redd-for-å-vera-redd-redd og vondt-redd». Elevane fekk kvar sitt «Glàkort» med seg frå samlinga.

Vi har evaluert veka og er einige om at den var både kjekk og viktig!

Tekst: Anita Vabø, rektor

Fleire bilete

Comments are closed.