Tinestafetten på Ågotnes 2019

Tinestafetten blei unnagjort på Ågotnes Idrettsbane tysdag 7.mai.

Stevnegeneral Eigil Nødtveit kunne ønske 32 lag velkomne til start.

Været var fint, men vinden var kald. Til saman sprang deltakarane om lag 80 km denne dagen.

Landro – elevane hevda seg sterkt, og tok både 1. og 2. plassen i finalen for 7. klasse. 7a tok 1. plassen med tida 4.23, og 7b tok 2. plassen med tida  4.25.

I innleiande runde fekk 7b tida 4.21 som var dagens beste tid.

Landro skule stilte med totalt 5 lag.

På 6. trinn stilte Landro skule med to lag.

Klasse 6a med startnummer 3260, tok 3. plassen i innleiande runde, og kom på ein flott 4. plass i finalen. Klasse 6B tok 5 plass i innleiande runde og kom dermed ikkje til finalen.

Også i open klasse klarte Landro skule å komme til finalen. Der havna dei på 6. plass.

Her er laget frå 7A som tok 1. plass i finalen på årets Tinestafett.

 

 

 

Comments are closed.