Spente elevar og lærarar på første skuledag

Klokka ni i dag kunne rektor på Landro skule, Anita Vabø, ønskja 28 førsteklassingar velkomen til første skuledag. Fire av desse kjem frå Misje etter at Misje skule no er lagt ned.

– Velkomen til første skuledag. Er de spente? spurte rektoren som var tydeleg på at også ho er spent på ein dag som dette.

– Jaaa, var det klare svaret frå elevane.

Rektoren var stolt over å kunna ønskja elevane på Landro velkomen til ein utvida og renovert skule. Elevar og tilsette har fått eit flott skuleanlegg ramma inn med flott uteområde og smakfulle fargar. Som alltid på Landro vart opningsarrangementa ramma inn med song og musikk trygt leia av avtroppande avdelingsleiar Jarl Heggernes. Det var korsang av elevar, lærarar og solosong ved André Algrøy.

– I går var vi tilsette for oss sjølv, og då måtte vi berre klyva opp i klatretårnet og prøva leikeapparata, sa Anita Vabø. Førsteklassingane fekk også møta fadrane (fjerdeklasse) som har eit særleg ansvar for å gje dei nye elevane ein god skulestart.

To samlingar

Ein halvtime før førsteklassingane vart ønskte velkomen i gymnastikksalen, var det fellessamling for elevane frå andre til sjuande trinn. Etter at Landro også tek imot 50 elevar frå Misje og Turøyna, er det totalt 254 elevar som har starta skuleåret på Landro no i august.

– Første skuledag er spesiell. Kanskje har nokre grugledd seg til denne dagen. Det viktigaste er å verta godt kjent med kvarandre, få nye vener og å ta vare på dei venene du har, sa rektoren som oppmoda elevane til å inkludera alle elevane i leiken.

Engelsk den første dagen

Etter at rektoren hadde helsa på alle førsteklassingane i gymnastikksalen, samlast dei i to klasserom i det nye bygget.

– Kan nokon av dykk engelske ord? spurte kontaktlærar i klasse 1a, Anette Kroken.

– Hello, yes, svara elevane.

– Då skal eg læra dykk ein engelsk song, sa ho før ho leia elevane i songen «Good morning to you».

Kontaktlærar Herborg Kari Bondevik Evensen ønskte klasse 1b velkomen til første skuledag.

– Eg har gledd med svært mykje til den første dagen. Eg trur vi alle skal få det fint i tida framover, sa Herborg som understreka at klasserommet etter kvart skulle verta «deira rom».

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen

Fotogalleri

Comments are closed.