Skulestart torsdag 16.08.18

Vi vil takke elevar og føresette for godt samarbeid gjennom skuleåret! Det har vore eit spennande og innhaldsrikt skuleår. Etter nesten to år med utbygging nærmar det seg at alt står ferdig. Det blir flott både innomhus og utomhus – så vi gler oss verkeleg til å ta alt det nye i bruk! Det er endå full aktivitet på skuleplassen, men når vi er klar for første skuledag vil heile uteområdet kunne nyttast.

Det har vore kjekt å bli betre kjend med elevar og personale frå Misje skule gjennom skuleåret. Vi vil ønskje alle saman hjarteleg velkommen til skulestart! Første skuledag blir torsdag 16. august. Veka før skulestart kjem det meir informasjon på heimesida om oppstart.

Då ønskjer vi alle ein riktig fin sommarferie!

Comments are closed.