Føresette til elevar frå Turøy og Misje vil få tilsendt eit informasjonsskriv frå skulekontoret/skulesjefen om skuleskyss til Landro skule. På heimesida finn du oversikt over busstidene.
Om morgonen vil det bli sett inn minibuss med avgang frå Fjøro kl. 07:40. Det blir 3 stopp der elevane kan gå på minibussen, ved Fjøro, ved skulen og ved krysset Nordre Storhaugen. På returen frå skulen vil alle bussane køyre innom snuplassen på Misje i tillegg til dei ordinære buss-stoppa.
Administrasjonen vil vera på jobb veka før skulestart, så ta gjerne kontakt dersom noko er uklart angåande skuleskyssen.
Her finn du informasjonsskrivet frå skulekontoret: