Saman på nett

Måndag 18.02 arrangerte skulen temakveld i samarbeid med FAU og Trygg i Fjell. Det vart ein flott og innhaldsrik kveld med fokus på eit viktig tema. Eirik Bell (FAU-leiar) og Guttorm Helgøy (prosjektleiar Trygg i Fjell) heldt spennande og interessante innlegg. Gjennom kvelden var vi innom ulike tema; forskjellen på når vi foreldre vaks opp og dagens samfunn, kven er produktet når vi opprettar ein konto på sosiale media, kva apper og plattformar som ikkje er å anbefale for born, og ikkje minst korleis vi kan og bør vere saman med barna våre på nett.

I etterkant av innlegga hadde vi gode refleksjonar og drøftingar i grupper. Nokre av problemstillingane som blei drøfta var: Korleis kan sosiale media skape utanforskap? Er det så nøye med aldersgrenser då? Når meiner du at born er modne nok til å opptre på sosiale media?

Comments are closed.