13.02.17

 

 

 

DESSE VAR KALLA INN:
Anita Vindenes Foreldrerådet
Eirik Bell Foreldrerådet
Christine Aa. Ramsli Undervisningspersonalet
Helga Vik Barsnes Undervisningspersonalet
Randi Algrøy Andre tilsette
Jon Olav Hesjedal Kommunal representant, politisk, (meldt fråfall)
Ingunn Landro Sandset Vara kommunal representant, politisk (meldt fråfall)
Anita Vabø Kommunal representant, rektor
 

 

Sak nr.  
16-16/17 Godkjenning av referat: Godkjent
17-16/17 Status utbygginga:

Vi er godt i gang med utbygginga. Det er tett dialog og samarbeid mellom skule og utbyggar. Faste byggemøter kvar 14. dag. Innspel og saker frå skulen blir tatt på alvor og evt. tiltak sett raskt i verk (utbetring brakke, lys på anleggsområdet, brannstige o.l.)

Utbygginga er i rute med tanke på framdriftsplan. Tett bygg til sommaren, og etter planen tek vi nye bygget i bruk over jul 2018. Heile prosjektet (ombygging og utearel) skal vera ferdigstilt aug. 2018.

Verken skule eller fau har motteke klagar i høve til utbygginga.

18-16/17 Kort gjennomgang av resultat på nasjonale prøver og elevundersøkinga:

Landro skule har oppnådd gode resultat på nasjonale prøver for 5. trinn både i rekning, lesing og engelsk. Positiv utvikling når ein ser utvikling over tid.

5.-7. trinn har gjennomført elevundersøkinga. Elevane melder positivt tilbake i form av høg score både på trivsel, trygt miljø, mestring, klasseleiing, eigenvurdering, vurdering for læring, støtte frå lærarane. Vi stoppa litt opp med arbeidsro, motivasjon og faglig utfordring og diskuterte evt. samanhengar.

Det er svært låge mobbetal i undersøkinga. Det er likevel viktig å presisera at skulen er på og jobbar jamt og trutt med å førebygge mobbing (Olweus-programmet). Observerer vi mistanke om mobbing eller får melding frå føresette opnar vi undersøking med ekstra observasjonsperiode og tiltak.  

19-16/17 Utviding av TL-tilbodet:

Sist fredag var det kursdag for nye TL-leiarar. Vi skal utvida tilbodet frå 2 til 4 dagar i veka med TL-aktivitet frå denne veka. Bruke både inne og uteareal blir utnytta på ein god måte når vi har TL-aktivitetar. 5. og 6. klasse er TL-leiarar for 1.-4. klasse, medan 7. klasse er for 5.-7. klasse. Sjakk og gymsalen er populære aktivitetar. Elevane blir kursa i nye aktivitetar, så det er mykje kjekt å sjå fram til for elevane i friminutta.

20-16/17 Trafikksituasjonen ved skulen à buss- og parkeringsplass:

Neste veke blir det møte der politiet og vegvesenet blir med partane. Vi håper dette fører til løysing på situasjonen. Dersom vi ikkje når fram og får løyst denne saka er fau klar til å engasjere seg.

Det er fatta vedtak om at elevane frå Vindenes får gratis skuleskyss grunna farleg skuleveg.

21-16/17 Evaluering av 17. mai arrangementet 2016 og kva vi skal tenke på ved årets arrangement:

  • Koste og rydde skuleplass rett i forkant av 17. mai. Bestille kostebil.
  • Minne om at elevar frå 7. klasse har ansvar for å halde tale.
  • Nokon elevar som ønskjer å opptre? Det er ønskjeleg at skulen v/ Jarl melder frå om dette seinast ei veke i forkant.
  • Øve på å gå i 17. mai-tog. Gjerne heiarop og flagg.
  • Elevrådet vel ut 2 frå kvar klasse (5.-7.klasse) som skal bera flaggborg i front av toget.
  • Anita Vindenes har sendt melding ut til føresette og organiserer kven som stiller frå 7. klasse til dugnad mot betaling.
  • Fau sponsar ny fane til 1. klasse, skulen står for dekor.
  • Vi ser om vi er i rute med dei ulike punkta på neste møte.
22-16/17 Skidag 07.03.17:

Dato for skidag er sett. Skulen dekker buss og skikort. Vi held fokus på gratisprinsippet. Vi er einig om å ikkje kople til støtte frå fau mot dugnad på 17. mai.

 

Vi evaluerer skidagen på SMU-møte i april. Barnefattigdom ble diskutert og tankar rundt evt. byttedag av klede og utstyr

 

23-16/17 Behov for felles foreldremøte våren 2018?

Vi diskuterte om det var behov for å gjennomføre felles foreldremøte denne våren. Konklusjonen blei at det ikkje er behov for dette før til hausten, då med fokus på utbygginga og innflytting i nytt bygg. Kvar klasse gjennomfører individuelle foreldremøter denne våren.

24-16/17 Samarbeid Misje-Landro

Vi har starta samarbeidet med Misje skule fram mot overføring aug. 2018. Personalet frå Misje var på orienteringsmøte på Landro sist veke. Her kom fram mange gode innspel til korleis vi skal samarbeide framover med fokus på dei tilsette, elevane og informasjon ut til føresette. Fau ønskjer å samarbeide om eit arbeidsmøte for begge fau`ane hausten 2017.

25-16/17 Ymse:

  • Trygg i Fjell arrangement denne veka. 6. og 7. trinn skal delta på dagtid, medan tilsette og føresette er invitert på kveldstid. Heile personalet ved Landro skule skal delta på arrangementet 15.02. klokka 18:00.

 

  • Det blir sommarfest 7. og 8. juni. Personalet jobbar vidare med om det blir ein førestilling for 1.-4 og ein for 5.-7 eller om alle elevane er med begge dagar.

 

  • Nytt letak ved inngang til gymsal kjem på plass i vinterferien. Det er ønskje frå fau/su å få på plass ei grillhytte/lavvo i skogen. Rektor tek dette innspelet med vidare i planarbeidet for uteområdet.

 

  • Rektor informerte kort om sykkel VM neste år. 23. og 24.09 skal det vera fellesstart der løypa går gjennom kommunen vår. Ønsket er å skapa ein skikkeleg folkefest der også skulane er med. Vi kjem til å samarbeide med arrangementskomitè for fansona på Ågotnes. Leiar her er Anita Vindenes. Ho vil bli invitert til område nord møte for vidare planlegging. På desse møta deltek administrasjon frå skulane i område nord.

 

Neste møte for SU/SMU:

 

  • 03.04 SU/SMU
  • 22.05 SU

 

 
Referent:

Anita Vabø

Rektor