PRAKTISK INFORMASJON OM FULL OPNING AV LANDRO SKULE

Full opning for alle trinn frå og med fredag 05. juni!

Frå og med førstkommande fredag kan vi endeleg ha alle elevane våre på skulen kvar dag! Dei vil då følgje klassen sin plan med ordinær skuletid kvar dag. Det blir kjekt både for elevar og tilsette å kunne avslutte dei siste vekene saman på skulen!

På mange skular er fredag 05. juni planleggingsdag. Vi gjennomførte denne planleggingsdagen i januar, og har difor ordinær skuledag denne dagen.

Kohortane/gruppene vi har hatt fram til no blir oppløyst, og elevane vil vera saman med klassen sin på eigne klasserom dei siste vekene.

Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har no laga ei nivådeling eller ein trafikklysmodell, der tiltaka er tilpassa smittesituasjonen i samfunnet vårt. Der vi tidlegare måtte ha tiltak på raudt nivå, kan vi no ha tiltak på gult nivå.

Kva er viktig å tenkje på når vi no har tiltak på gult nivå:

  • Ingen sjuke skal møte på skulen
  • Vi held fram med god hand- og hostehygiene
  • Vi held fram med rutinar for forsterka reinhald
  • Vi unngår klemmar og handhelsing
  • Vi reknar heile skuleklassar som ein kohort
  • Tilsette kan veksle mellom kohortar/klassar
  • Vi unngår trengsel og store samlingar
  • Vi deler skulegarden inn i ulike sonar i friminutta

Med tanke på smittevern ønskjer vi framleis at føresette ikkje følgjer elevar inn på skulen. Vaksne vil ta imot dei i skulegarden.

Følg med på vekeplanen til elevane og på informasjon frå kontaktlærar. Her får de informasjon som gjeld for klassen om organisering og tilbod dei neste vekene.

Skulebussen går som vanleg. Har de barn som skal nytte skulebussen må de lese skrivet som ligg ved frå skyss. :

Brev til skoler og kommuner vedr skoleskyss fom 02.06 (002)

I oppdatert smittevernrettleiar blir det framleis tilrådd at ein unngår offentleg transport om det er mogleg. Vidare går det fram at elevar bør sitje på annankvart sete, men at elevar frå same hushaldning eller same klasse kan sitje saman. Sidan elevar frå same klasse kan sitje saman vil dette medføre at ein kan frakte fleire elevar enn tidlegare. I praksis kan alle setane nyttast, så lenge ein kan sitje saman med ein frå same klasse. Bussoperatørane er informert om at elevar ikkje skal bli køyrt forbi, og dei skal sikre at alle elevane kjem seg til og frå skulen.

Med beste helsing

Anita Vabø, rektor

Comments are closed.