TSK – klasseleiing

«CATCH THEM BEING GOOD»!!!!!!!

 KVA ER TSK (TYDELEG, STØTTANDE OG FØREBUDD KLASSELEIING)

  • Program for grunnskulen.
  • Forebyggande/ ådferdsregulerande med vekt på positiv forsterking.
  • Eit program som skal auke medvitet om eigen åtferd i klasserommet.

Fremme sjølvkjensla/ redusere stress hos elevar og lærarar.

  •  Gi eleven meir kontroll over eigen åtferd og innlæring ved å gjere gode valg.
  •  Å auke grad av positiv forsterking.
  •  Å styrke tilhøvet mellom elev og lærar.
  •  Å gi eit verkty for å handtere og evaluere strategier for åtferdskorrigering.

DEN TYDELEGE LÆRAREN

  • Samsvar mellom kroppsspråk og utsegn
  • Har positive forventningar
  • Forsterker forventa åtferd
  • Rolig og konsekvent bruk av sanksjonar
  • Har ein åtferdsplan

 ÅTFERDSPLANEN BØR INNEHALDE

  • REGLAR
  • KONSEKVENSAR
  • POSITIV ANERKJENNING/ BELØNNING

REGLAR

Ha reglane, samt oversikt over belønning, godt synleg i klasserommet.
Klassereglane bør utformast saman med elevane.
Bruk tid på å lære inn og vedlikehalde reglar for åtferd.
Reglane blir endra ved behov.
Informasjon til foreldra.

KONSEKVENSAR

  • Nonverbal tilbakemelding ( blikk, nærhet, berøring)
  • Munnleg påminning, fokuser mot oppgåva.
  • Sitte ein annan plass i klasserommet 5 -10 min.
  • Fylle ut notat på det som er skjedd.
  • Ringe heim

BELØNNING

  • Viktig med belønning for positiv åtferd.
  • Velg belønninger som er overkommelege.
  • Hyppig belønning i starten, etter kvart noko sjeldnare

 TIL LÆRAREN: FOR Å LUKKAST

  • Ver roleg
  •  Ikkje gå i diskusjon med eleven
  •  Fokuser på oppgåva
  •  Ver bestemt – Hugs at du gjer dette for å hjelpe eleven til å ha ein tifredstillande åtferd slik at han kan læra