ansvarslæring

Ansvarslæring

Plikter:

• Elevane har ansvar for orden på eigen pult, området rundt pulten, hylla si og i ranselen.

• Elevane har etter tur ansvar for vasking av tavla, utdeling av mjølk og frukt, tømming av papirboksane, utdeling av bøker m.m.

Arbeid med ordensreglane:

• Elevane vert gjort godt kjende med ordensreglane.

• Det vert fokusert på bestemte delar av ordensreglementet over ein periode(t.d. snøballkasting)

• Elevane vert gjort kjende med reglar for framferd på utflukter.

Respekt for alle andre:

• Elevane lærer seg å lytta til og dela opplevingar med kvarandre

• Elevane lærer seg å respektera andre sine meiningar, grenser personlegdom og tru.

• Vi øver oss i å snakka fint om kvarandre

• Elevane lærer å ta ansvar for sin eigen person og sine eigne grenser.

Ansvar for eiga læring:

• Elevane har ansvar for å levera meldingar heime.

• Elevane skal læra seg å ta imot beskjedar.

• Elevane skal gjera og retta lekser til rett tid.

• Elevane skal læra seg å nytta tida godt.

• Elevane skal læra seg å finna fram i og bruka ulike hjelpemiddel i læringsprosessen.

Uteområde:

• Elevane har ansvar for orden ute på bestemte tider i skuleåret.

Samandrag:

Vi ønskjer at ansvarslæringsplanen skal hjelpa elevane til å forstå at dei kvar for seg er viktige, og at vi alle er med på å skape ein god skule.

Om elevane bryt skulereglar, øydelegg utstyr o.a. må dei ordna opp for seg.

rev. Juni 2008