Gode vaner for god helse

 GØY MED BEVEGELSE

Har du eit born som veg for mykje?

Stadig fleire born vert overvektige. Årsaka er i dei fleste tilfelle for mykje mat og for lite aktivitet. Har man eit born som lett legg på seg, er det ekstra viktig å førebygge overvekt. Det er viktig at heile familien har eit bra kosthald og gode aktivitetsvanar. Born vil ofte «gjere som du gjer og ikkje som du seier».

Endå ein grunn til å førebygge overvekt er auka fare for til dømes diabetes, hjarte-og karsjukdomar og muskel- og skjelettplager.

Fjell kommune har eit tilbod til born i 1.-3. klasse med overvekt. Dette inneber førstegongs-samtale med helsesøster og fysioterapeut, aktivitetsgruppe to gonger pr veke,  og månadleg kosthaldsoppfølging hos helsesøster.

 

Tenkjer du at dette noko for dykk? Ta kontakt med helsesøster på skulen eller ergo- og fysioterapitenesta i Fjell kommune, tlf: 55096850

Hjarteleg velkomen til ein uforpliktande samtale

Med venleg helsing

Helsesøstrene & fysioterapeutane i Fjell kommune