Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar: Anne Marte Østerbø

Trefftid: Tysdag, onsdag og fredag

Stad: Har eit eige kontor på skulen, like ved hovudinngangen.

Telefon: Helsestasjon Ågotnes: 55 09 69 90

Jobbmobil: 90230631 Kontor på skulen: 55 09 78 78

Epost: anne.osterbo@fjell.kommune.no

Helsesøster sine faste oppgåver

  1. klasse: Skulestartundersøking på helsestasjonen med helsesjukepleiar og lege
  2. klasse: Vaksine mot stivkrampe, difteri, polio og kikhoste
  3. klasse: Høgde/vektmåling.
  4. klasse: Undervisning om kosthald.
  5. klasse: Undervisning om psykisk helse (livsmeistring). Pubertetsundervisning til jenter.
  6. klasse: Vaksine mot meslinger, kusma og røde hundar. Pubertetsundervisning til gutar.
  7. klasse: Vaksine mot HPV-virus. Undervisning om tobakk og rusmidlar.

Årleg miljøretta inspeksjon: Er det fysiske miljøet til borna bra nok? Kva må betrast og korleis kan det gjerast? Rapport vert levert til kommunelegen, rektor ved den aktuelle skulen, leiande helsesjukepleiar og eigedomsavdelinga i kommunen.

Andre oppgåver som er aktuelle i skulehelsetenesta

Samtalar og oppfølging med born og foreldre om tema som påverkar den fysiske og psykiske helsa til barnet.

Syn/ hørsel undersøking på etterspørsel

Tverrfaglege møter

Grupper

Tverrfagleg samarbeid

Skulehelsetenesta kan delta i ansvarsgrupper og andre tverrfaglege møter. Den kan også hjelpe med tilvising vidare til m.a. fastlege, PP-tenesta, ergoterapeut, fysioterapeut, spesialisthelsetenesta og tannhelsetenesta, NAV kommunale tenester (sosialtenesta), psykisk helsevern, barnevern og familievernkontoret.

Linkar:

Barnevaksinasjonsprogrammet

Hodelus og skadedyr

Sengevæting  – her finn du gode råd om barnet ditt væter seg dag eller natt. Helsestasjonane i Fjell har tilbodet «Tisseskulen», der barn og foreldre kan få rettleiing og oppfølging

Helsedirektoratet  – her finn du retningslinjer for alt helsearbeid i landet vårt og ny forsking som helsearbeidet bygger på.

Kostverktøyet  – her finn du mange gode råd om sunt kosthald, porsjonsstørrelsar og tips til matpakker.

Folkehelseinstituttet  – her finn du informasjon om blant anna vaksiner og nyhende om folkehelsa i Norge.