Ordensreglane

 

 

ORDENSREGLAR FOR LANDRO SKULE
(vedtekne i SU 19.04.18)

Skulen er ein arbeidsplass for elevar, lærarar og andre tilsette.
For at alle skal trivast på skulen og resultatet av arbeidet skal bli best mogeleg,
treng vi reglar å retta oss etter.

DU HAR RETT TIL
å ha ro og god atmosfære når du èt lunsj.
å ha arbeidsro
å leika i fred
å bli høyrt i saker som gjeld deg og skulen.
å ha tinga dine i fred.
å ha leksefri etter søn – og helgedagar.

ANSVARSOPPGÅVER:
For at alle skal trivast, må du:

-la andre sine saker vere i fred både ute og inne.
-vera slik at ingen vert lei seg eller har det vondt på grunn av deg.
-vere høfleg og rette deg etter det dei vaksne seier.
-ha god bordskikk.

For å kunna gjera godt arbeid, må du:
-ta vare på skulesakene.
-møte på skulen i rett tid.
-ha med deg det du treng til alle fag og aktivitetar.
-ha gjort leksene.
-ta del i timen på ein positiv og grei måte.

Orden og arbeidsro i klassen er naudsynt for trivsel og godt arbeid.
Dersom du uroar andre i klassen, øydelegg du for dei.
Når du går ifrå klasserommet, skal du ikkje overlata rot og uorden til reinhaldarane eller dei som kjem etter.

Alle skal også hjelpe til med å halde skuleplassen rein og ryddig.

Du skal ikkje bruke mobiltelefon eller anna privat elektronisk utstyr – dette skal vere avslått og liggje i sekken. Dersom du bryt denne regelen, skal mobiltelefonen leverast til administrasjonen og hentast der etter skuletid.

FRIMINUTTA
Friminutta er di fritid på skulen.
Då kan du sjølv velja kva du vil leike,
åleine eller saman med andre. Til vanleg skal du vera ute i friminutta og
halde deg på skuleplassen om ikkje dei vaksne har gitt deg lov til anna.
Ver rask og gå til klasserommet når du skal til timen igjen.

DETTE HAR DU IKKJE LOV TIL:

– å sloss, mobbe eller plaga andre.
– å sykle, bruke rulleskøyte eller løperhjul på skuleplassen eller i gangane.
– å bruka «tyggis» og anna snop.
– å banna bruke stygge ord, vere frekk.
– å kasta stein, snøball, konglar, pinnar eller anna.
– å røykje eller nytta anna rusmiddel på skuleområdet
– å øydelegga det som tilhøyrer skulen eller medelevar.
– å ha med eller bruke farleg reiskap på skulen, unnatak gjeld for         sløydr-/kjøkenreiskap

DEI TILSETTE OG REKTOR SITT ANSVAR ER:

– å hjelpa elevane til å finna seg til rette på skulen,
– å følgja opp når elevane ber om hjelp til eit problem
– å gripa inn ved konflikter.
– å informera heimen om trivsel og fagleg utvikling hos elevane.
– å gje melding til heimen så snart som mogleg dersom ein elev på alvorleg
måte eller gong på gong bryt ordensreglementet.
– å sørgje for tilsyn i friminutta.

REAKSJONAR VED BROT PÅ ORDENREGLANE.

Dersom ein elev ikkje viser respekt for ordensreglane må dei vaksne reagere.
I dei fleste høve vil læraren prøve å samtale med eleven og ta kontakt med heimen.

I nokre høve vil ein kunne nytte:
– bortvising frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen.
NB! Heimen skal varslast før iverksetting!

Dersom nokon gjer skade på noko innanfor skuleområdet ( t.d. ruteknusing, øydelegging av bøker og skulemateriell) kan det krevjast erstatning .

FORELDRA/ DEI FØRESETTE SITT ANSVAR:

Opplæringslova seier:
Etter norsk lov er det foreldra som har hovudansvaret for oppsedinga og opplæringa av borna sine.
Difor har foreldra medansvar i skulen. Målet for dette samarbeidet er m.a. å gje borna positive haldningar til skulen og klassekameratane.

Dei skal:
-melde frå til skulen om saker som kan ha noko å seia for eleven sin trivsel og tilpassing til skulen.
-gje melding til skulen når eleven er borte. Dette må skje same morgon i 1. – 4. klasse
– senda skriftleg melding om fråvær. Foreldre/ føresette vert oppmoda om ikkje å be eleven fri for lengre tid utanom feriar og oppsette fridagar.
– sjå til at elevane har gjort heimearbeid, og at dei har med seg det dei treng for dagen.
– sjå til at elevane kjem tidsnok til skulen.

Det kan vera nyttig å merka jakker, luer, vottar, sjal, fottøy, gymtøy o.l.

KOMMUNALE ORDENSREGLAR FOR SKULANE I FJELL KOMMUNE

Alle skular skal ha eit ordensreglement. opplæringslova §2.9
Ordensreglementet er ei forskrift. forvaltningslova §2,§37,§38
Reglement R-skriv 07-2005 frå utdanningsdirektoratet er lagt til grunn.
Skulane skal ha utfyllande reglar. Elevar, føresette, lærarar og skuleleiinga bør delta i utforminga av desse reglane.

1. Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjer helse, trivles og læring. opplæringslova §9a. 1 og 4

2. Alle elevar har rett til eit mobbefritt miljø der alle har medansvar for at ikkje nokon opplever krenkande og ulovleg åtferd frå andre.

3. Alle elevar har rett til å bli høyrde i saker som vedkjem dei.

4. Alle elevar skal vise omsyn og respekt for andre, bidra til arbeidsro i timane   og syne respekt for undervisninga.

5. Elevar skal ikkje ha med eller bruke farlege reiskap på skulen.

6. Det er forbode å ha med eller bruke rusmiddel på skuleområdet. Dette gjeld også arrangement utanom skuletida. Opplæringslova §9.5

8. Elevar skal ikkje bruke mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr i skuletida – dette skal vere avslått og liggje i sekken.