Arbeid mot mobbing

 PROGRAMERKLÆRING

1. april 2003 trådde dei nye endringane i Opplæringslova i kraft. I lova blir det psykososiale miljøet omtalt spesielt. Der blir det slått fast at alle elevar i grunnskolen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremmar helse, trivsel og læring jf Opplæringslovas § 9a-1. Det blir vidare understreka at skulane aktivt og systematisk må arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosial tilhøyrighet jf Opplæringslovas § 9a-3 første ledd.

Dette gir viktige føringar for korleis arbeidet på dette området skal gjennomførast ved vår skule. Vi vil arbeide aktivt og systematisk for at Landro skule skal vere ein skule der alle tilsette, elevar og foreldre skal samarbeide om å motvirke mobbing og antisosial åtferd. Bodskapen til dei som held på med mobbing, skal vere heilt klar: Vi aksepterer ikkje mobbing på Landro skule, og vi vil arbeide for å forebyggje og hindre at dette skal skje.

Landro skule arbeider mot mobbing gjennom å aktivt bruke Olweusprogrammet mot mobbing og antisosial åtferd.

Programmet har som mål:

Å auke medvitet og kunnskapen om mobbeproblemer

Å fjerne ein del mytar om mobbing og årsaker til mobbing

Å få skulen og foreldre til aktivt å engasjere seg

Å  innføre nokre enkle og klare reglar mot mobbing:

Vi skal ikkje mobbe andre.

Vi skal forsøke å hjelpe elevar som blir mobbet.

Vi skal også vere saman med elevar som lett blir aleine.

Viss vi veit om at nokre blir mobba, skal vi fortelle det til kontaktlærar (eller ein annen på skulen) og dei hjemme.

Å gi støtte til og effektiv hjelp til  mobbeofferet.

Tiltak på skulenivå

Elevundersøking med spørreskjema

Betre inspeksjon i friminutta

Pedagogiske samtalegrupper ( personale)

Tiltak på gruppenivå

Skulereglar mot mobbing – ros og sanksjonar

Regelmessige klassemøte

Foreldremøte

Tiltak på individnivå

Alvorlige samtalar med mobbarar og mobbeutsette

Samtale med foreldre til innblanda elevar

Utvikling av individuelle tiltaksplanar