Då står snart desember og juleframsyning for tur.
Invitasjon med meir informasjon kjem, men her er datoane for framsyningane:
- Onsdag 19. desember klokka 18:00 for B-klassane
- Torsdag 20. desember klokka 18:00 for A-klassane
Vel møtt!
Då står snart desember og juleframsyning for tur.
Invitasjon med meir informasjon kjem, men her er datoane for framsyningane:
Vel møtt!
Saman med 250 andre elevar og 45 tilsette kan dei tre elevane Nathalie, Susanne og Tonje hoppa av glede over ein rehabilitert og utvida Landro skule. I dag klipte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy over snora for å markera ei etterlengta offisiell opning på Landro.
Nasjonale prøver er elektroniske prøver i lesing, rekning og engelsk. Lærarane skal bruke resultata for å følgje opp elevane sine og i arbeidet med undervegsvurdering og tilpassa opplæring. Du kan lese meir om dei nasjonale prøvene på Udir.no
5. trinn skal gjennomføre dei nasjonale prøvene mellom 15. oktober til 2. november 2018.
Gratis tilbod i haustferien for elevar i 4.-7. klasse. Påmelding: alexandra.lillebo@gmail.com. NB! Frist for påmelding er 04.oktober.
I dag har elevane våre fått vore med på ein flott konsertoppleving med Christine Sandtorv og bandet Stjerneteller. Musikken og konserten var stemningsfull, og elevane song med og koste seg. Ein del av elevane våga seg opp på scena og deltok med song og dans, det var stor stas!
Klokka ni i dag kunne rektor på Landro skule, Anita Vabø, ønskja 28 førsteklassingar velkomen til første skuledag. Fire av desse kjem frå Misje etter at Misje skule no er lagt ned.
Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Hordaland eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.
Torsdag 16. august ønskjer vi velkommen til nytt skuleår ved Landro skule. Det er nok litt ekstra spennande med oppstart for våre nye elevar frå Turøy og Misje, samt våre nye 1. klassingar. Vi skal jobbe godt for å skape ein trygg og god skulestart for alle!
Start og slutt første skuledag:
Personalet er ute for å møte elevane frå klokka 08:00. Viser til eige skriv og tidlegare oppdatering på heimesida angåande skuleskyss frå Turøy og Misje. Ein frå administrasjonen vil vera til stades i starten for å trygge elevane og sjå til at transporten med minibussane fungerer slik vi ønskjer.
Vi ser fram til og gler oss til å møte elevane, og saman skal vi skape eit godt skuleår! Ta kontakt med administrasjonen dersom De har spørsmål eller noko er uklårt!
Føresette til elevar frå Turøy og Misje vil få tilsendt eit informasjonsskriv frå skulekontoret/skulesjefen om skuleskyss til Landro skule. På heimesida finn du oversikt over busstidene.
Om morgonen vil det bli sett inn minibuss med avgang frå Fjøro kl. 07:40. Det blir 3 stopp der elevane kan gå på minibussen, ved Fjøro, ved skulen og ved krysset Nordre Storhaugen. På returen frå skulen vil alle bussane køyre innom snuplassen på Misje i tillegg til dei ordinære buss-stoppa.
Administrasjonen vil vera på jobb veka før skulestart, så ta gjerne kontakt dersom noko er uklart angåande skuleskyssen.
Her finn du informasjonsskrivet frå skulekontoret:
Vi vil takke elevar og føresette for godt samarbeid gjennom skuleåret! Det har vore eit spennande og innhaldsrikt skuleår. Etter nesten to år med utbygging nærmar det seg at alt står ferdig. Det blir flott både innomhus og utomhus – så vi gler oss verkeleg til å ta alt det nye i bruk! Det er endå full aktivitet på skuleplassen, men når vi er klar for første skuledag vil heile uteområdet kunne nyttast.
Det har vore kjekt å bli betre kjend med elevar og personale frå Misje skule gjennom skuleåret. Vi vil ønskje alle saman hjarteleg velkommen til skulestart! Første skuledag blir torsdag 16. august. Veka før skulestart kjem det meir informasjon på heimesida om oppstart.
Då ønskjer vi alle ein riktig fin sommarferie!