1. klasse skuleåret 2018/19

 

Vi inviterer foreldre til elevar som skal starte i 1. klasse ved Landro skule til orienteringsmøte torsdag 03.05 kl. 18:00-20:00.

Velkommen til førskuledag for alle våre nye førsteklassingar tysdag 05.06 kl. 08:30-11:30.

 

3. trinn ved Misje og Landro skule på tur til Pardalsmyra

Onsdag 21.02 var 3. trinn frå Landro og Misje på tur til Pardalsmyra. Vi tok bussen til Misje der vi fekk ei lita omsyning på skulen, før vi la i veg til Pardalsmyra.

Der laga vi bål, grilla pølser, drakk kakao, leikte saman i skogen, var i hinderløypa, prøvde zip-line og fekk nye vener. Vi storkoste oss saman og gler oss allereie til neste treff.

Tusen takk for turen!

 

God jul!

Vi vil med dette få ønske våre elevar og føresette ei riktig god jul!
Her er nokre glimt frå opninga av nybygget og fellessamlinga siste skuledag.

Endring skulemjølk/juice

FAU/SU har bestemt at elevane frå nyttår kan velge juice i tillegg til mjølk. Endringa/tinginga skjer på sida til skolelyst.no.

Skulen ber om at elevane held seg til same type drikke kvar dag.

Det er tidkrevande og vanskeleg å organisere dersom type drikke er ulik frå dag til dag.

Prisregulering SFO

Frå 1.jan 2018 ,etter vedtak i kommunestyret 14.12., blir det følgjande prisregulering:

Morgonplass – før skuletid:  kr.  960,-
Heil plass:                         kr. 2580,-
Ettermiddagsplass – etter skuletid fram til kl.15.30: kr. 1940

Søskenmoderasjon – barn nr. 2: 25%
Søskenmoderasjon – barn nr. 3: 50%

Ferietilbod haust,vinter og sommar (ingen søskenmoderasjon)
(pris pr.veke): kr. 875

INNFLYTTING I NYBYGGET VÅRT

Då er vi berre dagar unna innflytting i det nye bygget vårt, og nedteljinga har starta. Ved å klikka på linken under finn du viktig informasjon om innflyttinga og nye rutinar.

Det er fint om føresette saman med borna snakkar om dei nye rutinane og korleis vi saman skal ta godt vare på den nye fine skulen vår.

Informasjonsskrivet blir også sendt heim som ranselpost førstkommande måndag.

Trykk på linken under:

Informasjonsskriv om innflytting i nybygget

Julegate i skogen

Klokka 08.15 møtte alle elevane i skogen for opning av vår eigen julegate.
Gjennom tonar og ord og tenning av lys fekk alle oppleve ei høgtideleg stund

DIGITAL KLASSE

Landro skule er med i Fjell, Sund og Øygarden sitt felles prosjekt for digital omstilling i klasseromma.

Her ved Landro skule er det 2. trinn som er først ut som digital klasse med utprøving av Chromebooks og Google sitt system. Elevane var spente og forventningsfulle då dei måndag denne veka fekk utdelt kvar sin Chromebook. Det blir spennande å følgje utprøvinga på 2. trinn der målet er at elevane skal utvikla ein god digital praksis gjennom å arbeida med IKT i dei ulike faga.

Prosjektet skule og digital omstilling arbeidar med tiltak for å heva den digitale kompetansen i skulane, så fleire klassar vil følgje på etter kvart.

 

FN-dag og haustfest

24.oktober,på sjølvaste FN-dagen, fekk vi besøk av heile Misje skule. Det var det første møtet mellom elevane som skal gå i same klasse frå neste haust. Vi starta med samling i klasseromma og på plassen før alle elevane gjekk tur i lag rundt Landrovågen.
Kl.10.00 samla vi alle elevar og vaksne i gymsalen. Der var det appell om FN og sang før vi alle kunne forsyne oss med deilig mat frå 3 flotte stasjonar. Det vart ei kjekk stund.
Takk til foresette som hjelpte til. Takk òg til og FAU Landro og Misje for økonomisk bidrag.