Informasjon

Rektor på Skålevik skule går over i annan stilling. Lisbeth Hjelle vert konstituert som rektor på Skålevik skule frå 01.02.19-01.08.19. Anita T. Landro vil få utvida si avdelingsleiarstilling i same periode.

1. klasse – fering av 100 skuledagar

Tysdag 22.01.19 hadde elevane gått 100 skuledagar på Landro skule! Dette måtte vi feire! Elevane fekk invitasjon om at dei som ville kunne kle seg ut.

Dagen starta med stasjonsarbeid med fire grupper fordelt på heile trinnet (1A og 1B). På dei ulike stasjonane skulle dei lage ein legofigur av 100 legoklossar (ein samla figur). Her måtte dei både telje og ha eit godt samarbeid for å blir einige om korleis figuren skulle sjå ut. På ein annan stasjon skulle dei fargelegge briller, forma som eit 100-tal. På tredje stasjon skulle dei skrive kva dei ville kjøpe for 100 kroner. Her var det mange gode forslag, der elevane både skreiv og teikna. Sjokolade og is var det som stod øverst på lista for mange! – men også badeland og Leos lekeland! Den siste gruppa var ei IPAD-gruppe der dei jobba med appen «På sporet». Her skulle dei øve på å lese/skrive ord.

Utover dagen var vi i gymsalen, her hoppa vi 100-hopp, og leika andre kjekke leiker. Dagen vart avslutta med eit stort langbord frå 1A til 1B sitt klasserom. Her åt vi matpakka og deilig kake som foreldre hadde bidratt med! Dagen vart avslutta med eit dikt om kva ein kan gjere/lære på 100 dagar.

Vi har hatt ein kjempekjekk dag, med mykje «lott og løye». Elevane sa at «i dag har vi jo gjort berre kjekke ting». 100 skuledagar er gått, og vi ser fram til 100 skuledagar til!

Helsing 1. klasse lærarane Kari, Anette og Ingvild

Landrodalen

Elevane som bur på Vindenes vart 22.01 invitert ned til anleggsområdet i Landrodalen. Der kunne maskinførarar frå Sartor Maskin fortelje dei kva som er viktig å tenke på når dei til og frå skulen eller på fritida skal ferdast trygt forbi anleggsområdet. Elevane hadde mange gode spørsmål som dei også fekk svar på.

Landrodalen stengd for gjennomkøyring 14.01-29.03.2019

Grunna bygging av ny gravplass og vassleidning vil Landrodalen bli stengd for gjennomkøyring frå og med førstkommande måndag. Alle bussar til og frå skulen vil gå til same klokkeslett, men det kan bli litt forseinkingar grunna omkøyring via Ågotnes.

Det blir lagt til rette for trygg gangvei for gåande og syklande forbi anleggsområdet.

Under er informasjonen som er lagt ut på Skyss.no:

Linje 471: Omkøyring og forseinkingar pga. stengd veg frå 14/1

Frå og med 14. januar vert Landrodalen stengd for gjennomkøyring. Dette gjer at fleire turar på linje 471 får forlenga trasé noko som vil gje forseinkingar på enkelte turar.

Følgjande haldeplasser vert ikkje betjent:

  • Landro kyrkje – alternativ haldeplass Landro skule.
  • Vindenesvegen, Landrovågen – alternativ haldeplass Vindenes kryss.

Prisregulering SFO

Frå 1.jan 2019 ,etter vedtak i kommunestyret 13.12.18, blir det følgjande prisregulering:

Morgonplass – før skuletid:  kr.  990,-
Heil plass:                         kr. 2650,-
Ettermiddagsplass – etter skuletid fram til kl.15.30: kr. 1990

Søskenmoderasjon – barn nr. 2: 25%
Søskenmoderasjon – barn nr. 3: 50%

Ferietilbod haust,vinter og sommar (ingen søskenmoderasjon)
(pris pr.veke): kr. 895,-

 

Siste skuledag før jul og skulestart på nyåret

Fredag 21.12 er siste skuledag før jul. Det blir fellessamling i gymsalen på morgonen før kvar klasse sluttar av på klasserommet. Skulen sluttar klokka 10:40 denne dagen, og det vil gå skulebussar heim direkte etter skuleslutt.

Sfo er open som vanleg siste skuledag, klokka 07:00-16:30.

Første skuledag på nyåret blir torsdag 03.01.

Då vil vi takke for godt samarbeid denne hausten og få ønskje alle våre elevar og føresette ei riktig god julehøgtid!

Adventsgudsteneste

Tysdag 18.12 blir det adventsgudsteneste i Landro kyrkje.

  • 1.-4. trinn klokka 09:00
  • 5.-7. trinn klokka 10:00

Elevane som ikkje skal delta på adventsgudstenesta vil få eit alternativt tilbod på skulen med fokus på kultur og tradisjonar i Noreg.

Glimt frå adventstida

Adventstida har vore prega av kjekke førjulsaktivitetar på skulen vår. Forutan øving til juleframsyningane neste veke har det vore opning av julegate i skogen, adventssamling i gymsalen og fellessamling med julegraut for alle elevane.

Elevrådet tok initiativ til kanonballturnering. Vi gratulerer 7A med sigeren!

REFLEKSKONKURRANSE

FAU og Landro skule ønskjer å invitere til reflekskonkurranse for alle klassane våre. Det vil bli arrangert konkurranse i to  rundar, ein i desember og ein i januar. Dersom nokon elevar ikkje har refleks, så kan ein melde frå til kontaktlærar.

Konkurransevilkår:

  • Den vinnande klassen er den klassen der høgast andel av elevane kjem på skulen med refleks eller refleksvest på seg. Dette skal vere i tillegg til eventuell refleks på skulesekk, og refleksen skal bærast synleg.
  • Kvar morgon blir det talt kor mange elevar som kom med refleks på kleda eller hadde  refleksvest på seg.
  • Siste skuledag før jul og mot slutten av januar reknar ein saman tal for kvar dag, og dette talet blir delt på tal på elever i klassen og gonga  med tal på skuledagar konkurransen gjeld for . Klassen med høgast resultat er vinnaren.
  • Vinnarklassen er så heldig at ein motteke premie frå FAU på 1000 kronar (to premierundar).. Klassen skal sjølv få bestemme kva premien skal brukast til, så lenge det går til eit tiltak som bidreg til positivt klassemiljø og alle elevane i klassen får delta. Forslag kan være utstyr til friminutt, turmat, pizzakveld, bussbillettar, o.l.

Første konkurransedag blir måndag 03.12. Då håpar vi alle leitar fram refleksar frå skuffar og skap og deltek i konkurransen! Lukke til!

Mvh FAU og Landro skule