Olweussertifikat

Landro skule er blitt sertifisert som Olweusskule for 3 år frå hausten 2014.
Det betyr ikkje at vi er blitt kvitt utfordringa kring mobbing, men at vi har godkjende rutinar for handtering av problemet.

Olweussertifikat

Olweussertifikat (klikk bilete for å sjå sertifikatet)

Informasjon frå Fau – hausten 2014

Velkommen til eit nytt skuleår på Landro skule. Vi ønskjer å informere litt om det arbeidet FAU ved Landro skule gjer.

Alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer av skulen sitt foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrestemma overfor skulen. FAU skal mellom anna sikre reell medverknad frå foreldre og ha medansvar for at elevane sitt læringsmiljø er trygt og godt.

Det blir vald klassekontaktar frå alle klassene på skulen, og det er desse som utgjer FAU.

Det blir halde FAU møte annankvar månad og på desse møta tek vi opp aktuelle saker og arbeider med langsiktige prosjekt.

FAU er delt inn i tre arbeidsgrupper: Trafikksikringsgruppa, Arrangementsgruppa og Skulen si framtid. Representantane blir delt i desse gruppene på det første møtet om høsten.

Aktuelle oppgåver for FAU

  • FAU bør jobbe for eit trygt og sikkert læringsmiljø. Trivsel er viktig i barn si læring.
  • FAU kan involvere seg i vurdering i skulen
  • FAU kan jobbe for eit mobbefritt skulemiljø
  • FAU kan jobbe for å betre sosiale tiltak for elevane
  • FAU kan halde kurs for foreldrekontaktar
  • FAU kan halde samlingar for foreldre og lærarar
  • FAU kan være ein informasjonskanal ut til alle foresette

FAU samarbeider med både elevråd, skulen si leing og tilsette. FAU kan òg ha kontakt med lag, organisasjonar og næringsliv i nærmiljøet

FAU skal representere alle foreldra ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt. (Kjelde: Foreldreutvalget for grunnopplæringen).

Det å være foreldrekontakt gir ein unik moglegheit til å jobbe for ein enda betre skulekvardag for barn og føresette.

 

Trafikktryggleik

Trafikksikkerhet er noko FAU jobbar kontinuerleg med. Tryggleiken til elevane må komme først. Det er spesielt om morgonen og ettermiddagen at trafikksituasjonen utanfor skulen kan være farleg. Det er viktig at dei foreldra som kjører barna til skulen følgjer reglane for av- og påstigning. Bilar som kjem frå sør (Angeltveit) kjører forbi skulen og snur i krysset til Vindenes før de slepp barna av på riktig side av vegen. Dette kan ein gjere langs fortauet. Bilar som kjem frå nord (Landro) slepp barna av langs fortauet. Unngå å sleppe barna av på gal side av vegen. Området framfor porten til skulen skal IKKjE brukast som snuplass. Dette kan fort føre til ulukker då det er barn på vei inn porten heile tida. Vi vil òg minne om at skulevegen for barna på Vindenes og Solsvik er utan fortau, så på desse strekningane må vi som bilførarar ta hensyn og holde farten lav.

17.mai

På Landro skule er det 2. kl, 4. kl og 6. kl som arrangerar 17. mai feiringa. Planlegginga startar på nyåret og alle foreldra i desse klassetrinna er involverte. Klassekontaktane er med på organiseringa, men ein er avhengige av at alle stiller opp for at 17. mai skal bli ein suksess. Det blir kalla inn til møter i de ulike gruppene. 2. klasse har ansvar for leikane, 4. klasse har ansvaret for maten og 6. klasse har ansvar for pynting, klargjering og rydding.

17. mai arrangementet er hovudinntektskjelda til FAU, og pengane vi får inn blir brukt mellom anna til å støtte nokre av skulen sine aktivitetar som juleverkstad og skidag. Pengane kan òg bli brukt til innkjøp av materiell for opplæring av foreldre, samlingar/infokveldar, etc.

 

SU – Samarbeidsutvalet

Samarbeidsutvalet (SU) er skulen sitt øvste rådgjevande organ og her er alle partane i skulen representert: elevar, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, kor rektor skal være den ene. SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjelder skulen.

FAU samarbeider tett med SU og leiar i FAU sit òg i SU.

 

Vi ønskjer alle elevar og føresette et flott og lærerikt skuleår på Landro skule.

Med venleg helsing

Evelyn Liland Solfjell

FAU leiar

Ny rektor på Landro

Det vert i løpet av hausten ny rektor på Landro skule. Willy Tangen tek til i ny jobb frå 1. oktober. Renathe Fagerbakke vert konstituert som ny rektor frå same dato. Vi ønskjer ho lukke til med arbeidet! Meir info kjem.

skuleruter

Skulekøyring til/frå Landro skule for skuleåret 2014/15 ser slik ut:

Skulestart 08:15 alle dagar
471 Solsvik kl.08:05-Landro skule kl 08:10    (rutebuss)
471 Vindenes kl. 07:42 – Ågotnes – Landro skule  (rutebuss)
449 Turøy kl 07:30 – Landro skule 07:46/07:55   (skulerute til Tranevågen us)

Skuleslutt kl 12:15 tirsdag og fredag
449 Landro skule kl.12:25 – Solsvik-Vindenes-Polleide  (skulerute)

Skuleslutt kl.12:30 torsdag
449 Landro skule kl.12:40 Solsvik-Vindenes-Polleide   (skulerute)

Skuleslutt kl.13:00 tirsdag
449 Landro skule kl.13:10 Solsvik-Vindenes-Polleide

Skuleslutt kl.14:00 alle dagar
471 Landro skule kl.14:10 Solsvik                              (rutebuss)
471 Landro skule kl.14:10 Vindenes-Misje-Turøy         (rutebuss
471 Landro skule kl.14:10 Ågotnes (NB: frå 19.aug)  (rutebuss)

VELKOMEN TIL SKULESTART 2014-2015

Så er vi klare for eit nytt flott skuleår her på Landro skule!

Første skuledag er torsdag 14. august.

1. klasse møter utanfor gymsalen 08:30.

2.-7. klasse møter 08:15.

Vel møtt!

Helsing rektor

Her er mitt land! Her vil eg bu!

torsdag 22.mai inviterte Landro skule til forestilling for foreldra. Den raude tråden denne gongen var grunnlovsjubileet. Etter at elevane hadde marsjert inn til tonane av «kong Harald V `s marsj», heldt programmet fram med glimt frå vår nære og fjerne fortid.

Her var det songinnslag frå ulike tider, trolldans, demonstrasjonstog for stemmerett for kvinner og 17.maitog . Her var innslag om vaksinasjonsprogrammet, samferdsle med rallarvise, kjende personar som Ibsen, Munch og Amundsen. Kong Håkons tale til folket frå London i 1940 vart avslutta med songen «Kringsatt av fienden og filmavis frå 1945. Vi hadde òg innslag om Torbjørn Egner.
Programmet vart bunde saman av 7.klasse sin dramatisering grunnlovsarbeidet på Eidsvoll . Vi vart teken tilbake til 1814 via ein app som nokre av elevane hasdde fått lasta ned på mobilen.

Eit rikt og variert program vart avslutta med «Ja vi elsker dette landet», og skal ein dømme etter reaksjonen til foreldra, vart det ein særs vellukka ettermiddag.

seniortreff 2014

Landro skule inviterer til seniortreff 0nsdag 04.juni kl.09.00 – 11.00.

Tema i år blir grunnlovsjubileet.

Påmelding til skulen innan 28.mai.

«Hold sammen» – broderkjeden 2014

Tysdag 20.mai deltok Landro skule i ei landsomfattande markering av Grunnlova sine 200 år. Med broderlenkja og eiden «Enig og tro til Dovre faller» synte eidsvollsmennene sitt sterke samhald.  I 2014 kan folk syna med ei broderlenkje at vi står saman for demokratiet i 200 nye år.

DSC_0699

Temakveld for foreldre og tilsette på Landro og Misje tysdag 8. april

FAU og skulen inviterer til temakveld for foreldre og tilsette tysdag 8. april kl. 18:00-19:30 i gymsalen på Landro. Marco Elsafadi held foredrag med temaet «Foreldre sin kraft og deltaking». Marco skal også møte elevane i 4.-7. kl på dagtid.

Elsafadi vart fødd som palestinsk flyktning i ein FN-leir i Libanon og flykta til Berlin berre tre månader gamal. Han har etablert stiftinga New Page som arbeider med vanskelegstilt ungdom på oppdrag frå barnevernet i Oslo, Bergen og Stavanger.

Les plakat for samlinga her.