SYKKEL-VM VEKE PÅ LANDRO SKULE

Det nærmar seg sykkel VM i regionen vår, og dette vil vi markera her på Landro skule. I dag hadde vi Kick-off med alle elevane samla i gymsalen. Gjennom veka vil dei ulike klassane ha ulike aktivitetar, før vi avsluttar førstkommande fredag med sykkel VM-dag. Denne dagen blir det mykje aktivitet og moro for alle trinn og felles grilling på skuleplassen. SFO har laga flott sykkelkunst som blir utstilt ved parkeringsplassen vår, og no er dei i gong med å laga ein stor sykkel VM-logo på skuleplassen. Følg med på lekseplan og informasjon frå kontaktlærarane om dei ulike aktivitetane. Dersom elevane skal ha med seg sykkel er det viktig med sjekk av bremser o.l. i forkant.

Vi håpar mange elevar og føresette tek turen til fansone Ågotnes søndag 24.09. Program finn du her på heimesida vår. 5.-7. klasse må melde seg på via linken.

Heia Noreg og Bergen – vi gler oss til sykkel VM!

 

 

Bli med på Sykkel-VM arrangement søndag 24. september

Bli med på folkefesten når eit av verdas største idrettsarrangement rullar forbi! Søndag 24. september syklar Edwald Boasson-Hagen, Alexander Kristoff og Kristoffer Skjerping frå Sekkingstad saman med resten av dei beste syklistane i verda forbi Ågotnes! På kunstgrasbana ved sida av Tranevågen ungdomsskule skal det vere ei fansone med arrangement frå kl. 9 og utover dagen – sjå nettsida til Sykkel i Vest.

Skulane i område nord er inviterte til å delta i fansona med innslag/underhaldning på scena og heiing langs løypa. For barneskulane gjeld dette elevar frå 5.-7. klasse. Med tanke på bemanning treng vi informasjon om kor mange elevar frå 5.-7. klasse som kan delta. Vi ber òg om at de svarer dersom de ikkje kan delta. Tilbakemeldingsfrist er onsdag 20. September!

Alle føresette til elevar i 5.-7.klasse må gje tilbakemelding ved å bruke denne lenka:

Registrering for deltaking på skulearrangement i samband med sykkel-vm søndag 24.sept.

Det vil vere ulike aktivitetar i dei ulike fansonane i Fjell kommune. Her er programmet for Ågotnes fansone:
08:30 Oppmøte på friidrettsbanen på Ågotnes stadion. Sjå etter plakat med skulen sitt namn.
09:00 Salgsbodar opnar. Elevinnslag/underhaldning frå scena ved 5.-7. trinn skulane i område nord og Tranevågen ungdomsskule.
09:50 Vi går bort og heiar langs løypa.
10.05 Rittstart frå Rong – vert vist på storskjerm
10:30 Konsert i fansona med Anna og Vilde frå MGP junior
10:50 Felles VM song/dans i fansona med Absence Crew
11:10 Underhaldning i fansona med Apa frå vennebyen
11:50 Konsert i fansona med Hege Turøy
12:00 Oppmøte på friidrettsbanen på Ågotnes stadion. Elevar vert henta av føresette

Elevar frå 1.-4. klasse er sjølvsagt òg velkomne i fansonen men då i følgje med føresette!

NB! Arrangementet i fansonen er eit offentleg arrangement. Det gjeld difor andre reglar for bildetaking og filming enn i skuleregi.

Sertifisert for 3 nye år som Olweus-skule

I sommar blei det er foretatt revisjon av skulen sitt arbeid med System for kvalitetssikring av Olweusprogrammet. Rapporten frå revisor er no gjennomgått, og RKBU vest (Olweusprogrammet) har gjort følgjande vurdering:

«Landro skule følger System for kvalitetssikring av Olweusprogrammet på en slik måte at det tilfredsstiller kravene til systemarbeidet og arbeidet med Olweus standard.

Skolen er derfor sertifisert som Olweusskole for 3 nye skoleår».

Lus

Kvar haust får nokre av elevane våre lus. For å hindre spreiing på skule, er det fint om foreldra tek ein sjekk frå tid til anna. Folkehelseinstituttet dreg i gang aksjon i veke 35.
Sjå info frå Folkehelseinstituttet her.

Gla`dag

Gla`dagsaktivitetar denne hausten er for 1.-4.klasse: papirarbeid, Landart, leire , vennskapsbånd ,bokmerke, drama (eventyr) matlaging og musikkgruppe.

5. – 7.klasse har desse aktivitetane: sløyd/trearbeid, brodering, fysisk aktivitet, teknologi og design, gitarkurs, koding og hage og natur.

Her er bilete frå nokre av aktivitetane:

Glimt frå skulen før ferien

Frå kranselaget i nybygget

 

 

 

 

Arkitekt ville ha eit motiv teikna av elev frå Landro eller Misje.
Her er Emilie sitt vinnarbilete som kjem til å henge på yttarveggen mot vegen

 

 

 

Juryen bestod av arkitekt, tilsette og elevar frå begge skulane

TL leiarane får utdelt diplom.

 

 

 

 

Frå mattedagen – her frå aktivitet på 1. og 2. trinn

Sykkel-vm

Vi ønskjer å vere med på storhendinga i haust, sykkelvm.
Skulen vil leggje til rette for at elevar frå 5-7.klasse kan vere med på arrangement i sona på Ågotnes under fellesstart herrer 25.sept. I tillegg til å sjå på syklistane langs vegen eller på storskjerm, vil det bli aktivitetar og underhaldning m.m.
Det kjem meir info med påmelding etterkvart.
I forkant av vm-veka vil skulen arrangere sykkelveke.

 

Skulestart

Skulen startar opp igjen etter sommarferien onsdag 16.aug kl.08.15.
Det blir først samling i gymsalen for alle før klassane går til klasseromma.
Det blir vanleg skuledag for alle utanom 1.klassane.
1.klassingane sluttar kl.12.15. Dei som ikkje skal på sfo må hentast.