Landro skule 50 år

Denne hausten er Landro skule 50 år. Det har vi markert i det siste med fest på kveldstid for personalet og innbedne gjestar og pølsefest på dagtid for alle elevane. Vi vil legge ut litt bilete frå feiringa etter kvart. På desse 50 åra har skulen kun hatt tre rektorar: Rakel Bjorøy, Karstein Lunde og Willy Tangen.

 

(Foto: Vigleik Brekke)

Bussruter medan vegen er stengt

Her kjem meir buss-info i samband med vegstenginga i november:

I tillegg til den vanlege skulebussen (for dei med kort frå før) går det ekstra buss (for dei utan kort) frå Turbuss vest kvar dag kl. 07:50 slik: Barneshaugen, Vindenes snuplass/kai, Ågotnes terminal (ca.8:00), Landro skule. Frå Elvebakken ekstra minibuss (Turbuss vest) kvar dag 07:55 slik: Elvebakken, Solsvik kai, Landro skule. 

Retur frå skulen måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 14:00: Skulen, Solsvik kai, Vindenes kai, Ågotnes terminal. Retur frå skulen torsdag 12:40 same rute og tysdag 13:10 (minbuss) same rute.

.

Vegen ved Polleide vert stengt frå 5/11 til 25/11

Som de ser av skiltinga vert vegen stengt ved Polleide grunna arbeid ved brua der. Elevane har fått infoskriv om dette med seg heim. Det vert omkøyring om Landrodalen og Solsvik. Det er også sett opp ekstra gratis bussar og skulen vil doble vakthaldet om morgonen. I tillegg vil Fau hjelpe til ved busstoppen på Vindenes. Politiet oppmodar til at ingen foreldre køyrer barna sine til skulen desse tre vekene. All stopp ved skulen vert skilta forbode. Dersom du må køyre til skulen, så parker på kyrkja si parkering  og følg barnet ditt bort til skulen. Skulen og Fau i samarbeid er opptekne av at elevane også i denne tida har trygg skuleveg! (meir info kjem)

Kunst i sfo-tida

Kvar tysdag mellom 12 og 14 (i sfo-tida) vil elevane i 1.-4.klasse få tilbod om ein kunsttime med utøvande kunstnar Sølvi Dahle. Sølvi Dahle har utdanning frå kunsthøgskulen i Bergen og har delteke på mange ulike utstillingar. Ho vert òg brukt som illustratør for private og næringslivet. Elevane vil få lære ulike teknikkar innan måling og teikning.

Comeniustur til Palermo

I veke 43 reiser 6 sjuandeklassingar og 5 vaksne til Palermo på Sicilia. Dette er den andre «Student Camp» i prosjektet og alle fem prosjektlanda møtast med elevar, lærarar og skuleleiing. Våre italienske vener har lagt opp til eit tettpakka program heile veka. Viser elles til prosjektet si heimeside (sjå link til høgre).

 

 

besøk frå nasjonalmuseet

Onsdag 11. og 12.september fekk alle elevane i 1.-4.klasse møte Askeladden, prinsesser,fantastiske dyr og trolske skapningar gjennom utstillinga «Eventyrskatten».
Erik Werenskiold og Theodor Kittelsen sine illustrasjonar til Asbjørnesen og Moe sine folkeeventyr vart presentert ved hjelp av bilete i rørsle, musikk og eventyrforteljing. 

Skulesjefen og eigedomssjefen vitja Landro skule

Onsdag 29. august hadde Landro skule besøk av den nye skulesjefen, Wilhelm Anglevik. Saman med eigedomssjef Atle Justad og driftsleiar Arne Monsen såg dei på kapasiteten på den overfylte skulen vår. Verneombod, inspektør og rektor var med på synfaringa og fekk fortalt litt om utviklinga dei siste åra og stoda per i dag – når mellom anna fleire grupperom og fagrom er tekne i bruk som faste klasserom. Skulesjefen tok seg også tid til ein liten prat både med tilsette og nokre elevar.

7A og 7B er på leirskule

7A og 7B er denne veka på leirskule i Hålandsdalen. Dei kosar seg stort sjølv om veret er variabelt. Dei første dagane har dei vore innom aktivitetar som garnfiske, kanopadling, klatring, vedhogst, riding og mykje anna spennande. Lukke til vidare i veka og velkommen tilbake på skulen over helga!