Afrisah

Måndag fekk Landro skule besøk av Raymond og Kossa i «Afrisah». Afrisah er to ord i eitt – Afrika og sah. I Elfenbeinskysten i Vest-Afrika finst det ikkje eit ord for musikk, eller det å synge, spele eller danse. Dei har berre ordet ”sah”, som er alt på ein gong – samhald, glede, fest, rytme og tromming. Born og vaksne fekk vera med på ein flott konsert. Elevane fekk vera med og prøva seg på instrumenta, og dei klappa og song med stor glede. Elevane fekk skryt for å vera eit engasjert publikum tidleg på ein måndags morgon.afrisah2

afrisah1

afrisah3

Image

Spennande besøk på Landro skule

Tysdag 19. november fekk store og små på Landro skule eit spennande besøk. To store tanks stoppa rett utanfor skuleporten. Elevar og vaksne fekk komma ombord og sjå. Dei som turde, fekk komma ned og sjå korleis ein tanks såg ut inni. Kjekke og hjelpsame soldatar gjorde dette til ein skuledag utanom det vanlege på Landro. allfader

gym4

closeup

Blimedansen 2013

Landro skule dansar BlimE!

Fredag 25.okt kl.12.00 var alle landroelevane ein del av ei landsomfattande  dansetilstelning. Elevar over heile landet hadde i fleire veker øvd inn ein spesiell dans med fokus på vennskap. Landro skule sitt bidrag kan du sjå ved å klikka på linken i overskrifta.

skuleskyss

Skulestart kl 08:15 alle dagar
471 Solsvik kl 08: 00     – Landro skule kl 08: 10                                 Rutebuss
471 Vindenes kl 07:42 – Ågotnes – Landro skule                                Rutebuss (m/supplering)
449 Turøy kl 07:40 –   Solsvik kl. 08:00-  Landro skule 08:05           Skulerute til Tranevågen u.s

Skuleslutt kl 12:15 tirsdag og fredag
449 Landro sk kl 12:20 – Solsvik – Landro sk-Vindenes – Landro sk-Polleide                     Skulerute (frå 16.09 går denne bussen kl.12.25)

Skuleslutt kl 12:30 torsdag
449 Landro sk kl 12:40 – Solsvik – Vindenes – Polleide                   Skulerute

Skuleslutt kl 13:00 tirsdag
449 Landro sk kl 13:10 – Solsvik – Vindenes – Polleide                   Skulerute

Skuleslutt kl 14:00 alle dager
471 Landro skule kl 14:10 – Solsvik                                                  Rutebuss
471 Landro skule kl 14:10 –– Vindenes – Misje -Turøy                    Rutebuss
471 Landro skule kl.14:10 til Ågotnes term og vidare                       Rutebuss (frå 19.aug.)

Kontakttlf til nettbuss er (driftsentral direkte) nr 46807721 og 90032598

skulestart

Vel møtt til nytt skuleår torsdag 15.aug. 1.klassingane møter kl. 08.30, medan dei andre elevane møter kl.08.15. Skuledagen sluttar kl.12.30. SFO held ope som vanleg.

Sommarferie

Førstkommande fredag sluttar vi av dette skuleåret kl.10.55. Bussar går slik: rutebuss frå Ågotnes terminal kl. 10.55 til Solsvik og Vindenes. Ekstrabuss frå Landro kl.10.55 til Polleide – Misje-Turøy.
Dei som ønskjer skulemjølk/frukt for neste skuleår kan gjere dette no på skolemelk.no og skolefrukt.no.
Vi håper på ein god sommar for elevar og foreldre. Skulestart for skuleåret 2013 2014 blir torsdag 15.august

kontaktlærarar 2013 2014

1.kl. – Helga Vik Barsnes
kl.2a – Linn Elise Richardsen
kl.2b – Kari  Solhaug
kl.3a – Anette Telle Sandland
kl.3b – Hilde Askeland
kl.4a – Tonje Tuv Wilhelmsen
kl.4b – Nina Zandstra
kl.5a – Oddlaug Kleppa
kl.5b – Torhild Martinsen
kl.6a – Christine Hjartøy
kl.6b – Siren Ryngøye Solsvik
kl.7a –  Åshild Lie Vilkensen
kl.7b – Rune Lynglund

Torbjørn Egner

I samband med Torbjørn Egner sitt 100 års jubileum i 2012, har heile skulen sett av veke 21, 22 og 23 til å arbeida med Thorbjørn Egner sine songar og forteljingar. Vi har funne fram igjen lesebøkene hans, og forteljingane om Ola – Ola Heia ser framleis ut til å nå inn til elevane. Elles besøker vi Hakkebakkeskogen, Kardemommeby, Karius og Baktus,  bamsefar og mange fleire av Egner sine figurar.

Prosjektet vart opna høgtidleg i gymsalen tysdag 21 mai. Deler av det som elevane har arbeidd med vil bli vist på det årvisse seniortreffet 10.juni, og onsdag i same veke blir det framsyning for foreldra.

Les og sjå bilete frå Comeniusturen til Istanbul

Tyrkiabilder frå Iphone 067

 I  veke 17 deltok 6 elevar, 4 lærarar og rektor frå Landro skule på Comenius-camp i Istanbul i Tyrkia.  I tillegg var koordinator Anne Swensson med på turen.

Dette er den andre og siste utanlandsturen  for elevane i dette prosjektet.

Det har tidlegare vore elevar på tur til Palermo i Italia. I mai i fjor hadde Landro skule besøk av elevar frå Italia, Frankrike, Hellas og Tyrkia. Det er desse nasjonane som i tillegg til Norge er med i  prosjektet.  Hovudmålet med desse turane er kulturutveksling.

Elevane og lærarane hadde ein opplevelsesrik og interessant tur til Istanbul sist veke. Elevane blei inkvarterte hos vertsfamiliar, og dei vaksne budde på hotell.

Skulen som vi besøkte heitte Istek. Det er ein stor privatskule med ca 1000 elevar. Tysdag 23. april  var barnas nasjonaldag i Tyrkia. Det blei feira med eit to-timars program i skulen sin aula. Dei tilreisande skulane hadde også kvart sitt innsalg i dette programmet.

På turen vitja vi både eit glassblåseri og eit dragemuseum. Vi fekk også høve til å prøva dragane  som vi lagde  sjølve på dette museet.  Omvisning i Zultan-palasset var også med på programmet. Nest siste dag fekk vi oss  ein tur til MiniaTyrk.

Det er ein stor familiepark der dei store og kjende bygningane i Tyrkia, er gjenskapt i mindre målestokk. Elevane trivdes svært godt hos sine vertsfamiliar,

og det blei knytt sterke bånd mellom dei ulike nasjonane. Tårevåt avskjed ved avreise fortalde oss at dette var ei flott oppleving for 7. klasse-elevane våre.

Tyrkiabilder frå Iphone 082 

Utsikt frå Hotell Deniz der dei vaksne budde.
I løpet av veka fekk vi med oss fleire fine solnedganger og mange bønerop frå dei ulike minaretane.

Tyrkiabilder frå Iphone 127 

På glassblåseriet var det mange vakre kunstverk i ulike fargar

Både elevane og dei vaksne fekk høve til å «komponera» sin eigen glass- mosaikk som blei  smelta fast på eit glassfat.

 Tyrkiabilder frå Iphone 202

Comenius-gjengen på trappa utanfor Zultan-palasset

 

 

 Tyrkiabilder frå Iphone 219   A  common heritage is a brigde…..