Comeniustur til Palermo

I veke 43 reiser 6 sjuandeklassingar og 5 vaksne til Palermo på Sicilia. Dette er den andre «Student Camp» i prosjektet og alle fem prosjektlanda møtast med elevar, lærarar og skuleleiing. Våre italienske vener har lagt opp til eit tettpakka program heile veka. Viser elles til prosjektet si heimeside (sjå link til høgre).

 

 

besøk frå nasjonalmuseet

Onsdag 11. og 12.september fekk alle elevane i 1.-4.klasse møte Askeladden, prinsesser,fantastiske dyr og trolske skapningar gjennom utstillinga «Eventyrskatten».
Erik Werenskiold og Theodor Kittelsen sine illustrasjonar til Asbjørnesen og Moe sine folkeeventyr vart presentert ved hjelp av bilete i rørsle, musikk og eventyrforteljing. 

Skulesjefen og eigedomssjefen vitja Landro skule

Onsdag 29. august hadde Landro skule besøk av den nye skulesjefen, Wilhelm Anglevik. Saman med eigedomssjef Atle Justad og driftsleiar Arne Monsen såg dei på kapasiteten på den overfylte skulen vår. Verneombod, inspektør og rektor var med på synfaringa og fekk fortalt litt om utviklinga dei siste åra og stoda per i dag – når mellom anna fleire grupperom og fagrom er tekne i bruk som faste klasserom. Skulesjefen tok seg også tid til ein liten prat både med tilsette og nokre elevar.

7A og 7B er på leirskule

7A og 7B er denne veka på leirskule i Hålandsdalen. Dei kosar seg stort sjølv om veret er variabelt. Dei første dagane har dei vore innom aktivitetar som garnfiske, kanopadling, klatring, vedhogst, riding og mykje anna spennande. Lukke til vidare i veka og velkommen tilbake på skulen over helga!

 

Skuleskyss

Skulestart kl 08:15 (alle dager)
460 Solsvik kl 07:53 – Landro skule kl 07:59                                              Rutebuss
463 Vindenes kl 07:48 til Ågotnes/Landro                                             Rutebuss/skulerute
471 Turøy kl 07:47 til Ågotnes, bussbytte                                                   Rutebuss/skulerute

Skuleslutt kl12:15 (tirs og fre)
440 Landro sk kl 12:20 – Solsvik – Vindenes – Polleide                             Rutebuss

 Skuleslutt kl 12:30 (torsdag)
440 Landro sk kl 12:40 – Solsvik – Vindenes – Polleide                            Skulerute

Skuleslutt kl 13:00 (tirsdag)
440 Landro sk kl 13:10 – Solsvik – Vindenes – Polleide                            Skulerute

Skuleslutt kl 13.55
460 Landro skule kl 14:05 – Solsvik                                                           Rutebuss
471 Landro skule kl 14:10 – Solsvik – Vindenes – Turøy                           Rutebuss
463 Landro skule kl 14:00 – Ågotnes                                                         Rutebuss

Nettbuss
Trafikkkontoret Straume: tlf:56333300

Vel møtt til nytt skuleår

Vel overstått ferie! Skuleåret 2012-2013 startar for alle elevane torsdag 16. august. 2.-7. klasse møter til vanleg tid 08:15. Spesielt velkommen til 31 førsteklassingar som møter utanfor gymsalen 08:30 saman med sine foreldre/føresette. Første skuledag vil vare til 12:30 for alle. Sfo og skulebussar er på plass frå og med torsdag 16. august.

Nytt for året er at vi har fått ny skulesjef i kommunen. Det er Wilhelm Anglevik som kjem frå stillinga som rektor på Knappskog. Han kjenner skulen i Fjell godt og ikkje minst område nord der han har vore områdeleiar i fleire år. Elles har vi fått nye tilsette: Andreas Kallekleiv skal vere lærar i vikariat for Beate Heggernes. Britt Øvrebotten Landro og Evelyn Liland Solfjell er nye assistentar i sfo. Velkomne til oss!

Og til alle elevar:  Lukke til med læringa i det nye året! 

 Med helsing rektor

Velkommen til vår nye heimeside

Velkommen til Landro skule si nye heimeside! Håper du vil like denne og vere innom her ofte! Her vil vi kome jamnleg med nyhende og diverse info. I margen til høgre vil du mellom anna finne linkar til nokre viktige sider og samarbeidspartnarar. Her finn du også siste nytt frå Fjell kommune. Kom gjerne med innspel og idear om betringar. Frå no av vil mykje av info til heimane gå via denne heimesida i tillegg til sms-varsling.

Snart sommarferie

Det nærmar seg sommarferie! Siste skuledagen før ferien er fredag 22. juni, men dagen varer kun til 10:50 på grunn av avspasering for kveldsarrangementet i april. Det er ordna med buss og sfo vil ha ope ut dagen. Første skuledag til hausten er torsdag 18. august til vanleg tid 08:15 (1.kl møter 08:30). Gjer elles merksam på at skuledagane til hausten har fått litt justerte sluttider: Dagar som før slutta 14:00, vil neste skuleår slutte 13:55 og torsdagen vil slutte 12:30 for alle. Minner også om påmelding for mjølk og frukt på www.skolemelk.no og www.skolefrukt.no

Comenius-besøk

 

Takk alle saman for flott innsats i samband med prosjektveka i mai med besøk frå våre samarbeidsskular i Athen, Istanbul, Paris og Palermo! Spesielt takk til vertsfamiliane! Fleire bilete og meir om prosjektet finn du via linken til høgre.