Prisregulering i SFO fom. 2013

Skulesjefen viser til vedtak i Kommunestyret 13.12.2012 om gebyr og betalingssatsar for 2013. Etter dette vart prisen i skulefridtidsordninga auka. Ny pris fom. januar 2013:

  • Heil plass, fom. 12 t/v – kr 2120,- pr mnd
  • Delt plass, tom. 11 t/v – kr 1590,- pr mnd

Godt nytt år!

Så er juleferien over og vi er godt i gang med eit nytt halvår. Dette kan bli ein spennende vår med politiske tankar om å gjere noko med skulestrukturen i Fjell. Norconsult sin rapport er offentleg (sjå www.fjell.kommune.no ). Der står det mellom anna om Landro skule sine utbyggingsbehov.

TAKK FOR INNSATSEN OG GOD JUL!

Vi på Landro skule vil med dette ønskje elevar og foreldre ei fredfull jul og eit godt nytt år!

Siste skuledag før ferien sluttar fredag 21/12 kl 10:50. Bussar er ordna og sfo har ope til 16:30.

Første skuledag på nyåret er torsdag 3/1.

Landro skule 50 år

Denne hausten er Landro skule 50 år. Det har vi markert i det siste med fest på kveldstid for personalet og innbedne gjestar og pølsefest på dagtid for alle elevane. Vi vil legge ut litt bilete frå feiringa etter kvart. På desse 50 åra har skulen kun hatt tre rektorar: Rakel Bjorøy, Karstein Lunde og Willy Tangen.

 

(Foto: Vigleik Brekke)

Bussruter medan vegen er stengt

Her kjem meir buss-info i samband med vegstenginga i november:

I tillegg til den vanlege skulebussen (for dei med kort frå før) går det ekstra buss (for dei utan kort) frå Turbuss vest kvar dag kl. 07:50 slik: Barneshaugen, Vindenes snuplass/kai, Ågotnes terminal (ca.8:00), Landro skule. Frå Elvebakken ekstra minibuss (Turbuss vest) kvar dag 07:55 slik: Elvebakken, Solsvik kai, Landro skule. 

Retur frå skulen måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 14:00: Skulen, Solsvik kai, Vindenes kai, Ågotnes terminal. Retur frå skulen torsdag 12:40 same rute og tysdag 13:10 (minbuss) same rute.

.

Vegen ved Polleide vert stengt frå 5/11 til 25/11

Som de ser av skiltinga vert vegen stengt ved Polleide grunna arbeid ved brua der. Elevane har fått infoskriv om dette med seg heim. Det vert omkøyring om Landrodalen og Solsvik. Det er også sett opp ekstra gratis bussar og skulen vil doble vakthaldet om morgonen. I tillegg vil Fau hjelpe til ved busstoppen på Vindenes. Politiet oppmodar til at ingen foreldre køyrer barna sine til skulen desse tre vekene. All stopp ved skulen vert skilta forbode. Dersom du må køyre til skulen, så parker på kyrkja si parkering  og følg barnet ditt bort til skulen. Skulen og Fau i samarbeid er opptekne av at elevane også i denne tida har trygg skuleveg! (meir info kjem)

Kunst i sfo-tida

Kvar tysdag mellom 12 og 14 (i sfo-tida) vil elevane i 1.-4.klasse få tilbod om ein kunsttime med utøvande kunstnar Sølvi Dahle. Sølvi Dahle har utdanning frå kunsthøgskulen i Bergen og har delteke på mange ulike utstillingar. Ho vert òg brukt som illustratør for private og næringslivet. Elevane vil få lære ulike teknikkar innan måling og teikning.