Olweus-møte: «Arnars historie»

I dag hadde vi felles Olweus-møte i gymsalen for 3.-7. trinn. Klassereglane vi har mot mobbing vart repetert og elevane fekk kjennskap til det nye regelverket om skulemiljø som var gjeldande frå 1. august 2017.

I fellesskap såg vi filmen «Arnars historie». Dette er ei sterk historie om ein gut som vart mobba gjennom heile barneskulen. Vi kunne sjå at dette var ein film som gjorde inntrykk på elevane våre og det var ro i salen gjennom heile filmen.

I etterkant jobba kvar klasse med desse spørsmåla på klasserommet:

  • Korleis trur du det var å vere Arnar på barneskulen?
  • Tenk deg at Arnar gjekk på Landro skule. Kva kunne du ha gjort for Arnar?

Comments are closed.