Informasjon om opningstider frå SFO

Vi kjem til å utvide opningstida til SFO med 30 min frå veke 21. Landro SFO held open frå kl 8.00 og frå etter skuletid til kl 16.00.

Det har fungert greitt desse vekene sidan vi starta opp, elevane er flinke å tilpasse seg og til å halde seg med sin kohort på sitt område når vi er ute på SFO, og handvasken er godt innarbeida.

Ved henting:

Vi set pris på om dei som veit når barnet skal gå lagar faste avtaler. Faste avtaler kan ein sende på epost til SFO leiar: mona.lunde@oygarden.kommune.no

Korte beskjeder kan de senda på SMS. Beskjeder må vera sendt før 12.00 slik at vi får sendt avgårde dei som skal gå heim, eller bli henta i området ved hentesona/parkering til gitt tidspunkt. Vi ønskjer færrast mogleg telefonar.

Om de skal hente og det ikkje er vaksne ute ring på SFO-telefonen 991 09 733

Foreldre kan ikkje gå inn på skulen. Vi har difor ei lita hentesone rett innanfor tunnelen der ein kan venta til ein vaksen har henta barnet for deg.

Ta gjerne kontakt med SFO leiar viss ein har spørsmål.

Med vennlig helsing

Mona M. Lunde

Comments are closed.