Informasjon om fotografering, busskort og nye refleksvestar

Fotografering:

Neste veke er det klart for skulefotografering med portrettbilete og klassebilete. Fotografen kjem på skulen onsdag 21.08, torsdag 22.08 og fredag 23.08. De vil få informasjon frå kontaktlærar om kva for ein dag ditt/dine barn skal fotograferast. Det er opp til kvar og ein om ein ønskjer å kjøpe bilete. Nytt av året (vedteke i SU) er at det blir laga skulekatalog med bilete av elevane og annan nyttig informasjon. Meld frå til kontaktlærar innan tysdag 20.08 dersom ditt barn ikkje skal vera med i skulekatalogen.

Busskort:

Busskorta vi har fått frå Skyss inneheld ein feil slik at dei ikkje verkar.Inntil dette er ordna skal dei elevane som har fått utlevert busskort på skulen berre visa kortet sitt til bussjåføren. Dette har vi fått beskjed om frå Skyss og det vil kanskje ta opp mot 3 veker før feilen er retta opp.

Refleksvestar:

I dag har ordførar, skulesjef og komitèleiar vore på skulen og delt ut nye flotte refleksvestar til elevane våre. Det fine motivet på refleksvesten er teikna av Kamilla Johansen i 7b. Vi oppmodar elevane til å bruke refleksvestane når dei går eller syklar til og frå skulen.

Comments are closed.