Nytt elektronisk skjema og informasjon om elevpermisjonar/søknad om fri

Søknad om permisjon/fri som gjeld 3 dagar eller meir må sendast inn på elektronisk skjema. Du finn elektronisk skjema på heimesida til Øygarden kommune: https://www.oygarden.kommune.no/

Skulen vil behandle søknaden og fatte eit vedtak. Vedtaket er vedtak etter forvaltningslova, med dei følgjene dette har for sakshandsaming/klagerett.

Når ein skal søkje fri frå skulen er det eigne reglar som gjeld for dette. Søknaden skal sendast inn i god tid før og seinast 3 veker før ønskja permisjonar. Ein skal no søkje elektronisk dersom ein ynskjer fri frå skulen. Handsaminga er delegert til skulane.

I opplæringslova §2-11 står det: «Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gje den einskilde eleven permisjon inntil to veker. Det er eit vilkår for retten at foreldra syter for naudsynt undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den vanlege undervisninga når eleven kjem attende på skulen. Dersom skulen finn det naudsynt med ekstra prøver på grunn av permisjonen, pliktar eleven å rette seg etter dette.»

Dersom eleven skal ha fri frå skulen meir enn 2 veker, må eleven meldast ut av skulen.

https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/Skoleeiers-ansvar/Permisjon-fra-opplaringen/

https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/skole-og-opplaring/saksbehandling/fravar/grunnskolen/

 

 

Comments are closed.