HURRA FOR 17. MAI!

I dag hadde vi eit ønskje om at elevane våre på 1.-4. trinn skulle få kjenne på 17. mai-stemninga i forkant av ei litt annleis feiring enn dei er vane med. Dagen vart fylt med 17. mai-tog og ulike aktivitetar. Resultatet var glade og fornøgde barn, akkurat slik vi hadde håpa på. Her er nokre glimt frå dagen:

Tradisjonen tru vart det kåring av beste heiarop. Foreldre stilte opp som jury og kåra 2. trinn som vinnarar av den flotte vandrepokalen.

Trykk på linken og sjå det flotte 17. mai-toget vårt (filma av Frode Ims):

https://filesender.uninett.no/?s=download&token=e8dde486-f8b4-4d94-93d1-25b7611ffdc6

6. trinn avslutta sin skuledag med lokal Tine-stafett. Her var det også god stemning og flott innsats, og is i premie til alle!

Med dette vil vi ønskje alle våre elevar og føresette ei riktig god 17. mai-feiring!

Comments are closed.