Landrovågen

Landrovågen

Havet og skjærgarden har hatt mykje å seie for at folk busette seg her vest. Når dei kom heim etter ein lang dag på  sildefiske eller etter å ha arbeidd med torvsanking ute på øyene var det viktig at dei hadde ein god hamn å leggje til i. Det var kort veg inn, og hamna gav livd for vind og uver. Hamna var nok i grunnaste laget. Ved fjære sjø låg båtane utanfor nausta på tørre landet. I dag kan båtane fortøyast ved nausta avdi ein fekk mudra opp vågen i 1976. Ved utløpet var det djupt nok til større båtar. På folkemunne seiest det at då sildefisket var på det travlaste, kunne ein gå tørrskodd (over båtar) frå Landrovågen til Oksen.

Ved utløpet, på sørsida, var det eit nes som dei kalla ”likneset”. Her sette dei i land gravfølgje og kiste på veg til gravplassen. Kring 1900 vart det laga veg ned til vågen. Det vart då laga ei bryggje, Reinabryggjo, som var betre egna til å ta i mot båtar med gravfølgje. Familien til den døde hadde på førehand hatt ei tilstelning med tale og salmesong heime. Etter at gravfølgje hadde komme fram til Reinebryggjo frakta dei kista med hest og vogn op Sjoabrekko til gravplassen. Gravfølgjet gjekk bak vogna, medan 2 – 3 menn gjekk framom og song salmar. Flokkar med nyfikne ungar heldt seg i bakgrunna og bivåna det heile.

I Landrovågen var det naust, torvhus, notbuer og saltebuer. Dei eldste torvhusa i Landrvågen er bygde i stein.Nausta låg ytst mot sjøen medan dei andre husa låg innafor. Dei eldste nausta ligg på austsida av vågen og dei skriv seg frå om lag 1870. (kjelde registreringsrapport nr. 8 fylkeskonservatoren i Hordaland) Dei brukarane som ikkje hadde torvhus brukte nausta til lagring av torv.

Kaien ved utløpet vert i dag kalla fabrikkaien. Namnet kjem av tangfabrikken som vart sett i drift her i 1917. Her vart det produsert tangmjøl som vart brukt til fòr. Når du står på fabrikkkaien og ser mot nord, kan du tydeleg sjå grunnane etter eit større bygg. Her vart det før 1870 reist ei saltebu. Denne vart brukt til salting av sild og torsk.

Oppgave

  • Ta turen ned til Landrovågen.
  • Kor mange naust ser du og kor mange sjøbuer og torvhus kan du finne?
  • Gå på oppdagingsferd i fjæra. Kva finn du?