Heimstaden min

Over alt i verda bur det menneske. Mange menneske bur i store byar, mens andre bur på landsbygda. Felles for veldig mange av oss er at vi syns at heimstaden vår er ein av dei beste plassane på jorda. På denne sida finn du litt informasjon om Landro skulekrins og dei bygdene som høyrer til. Meininga er at elevar, både dei som høyrer til Landro skuleområde og andre, kan finna stoff om heimbygda vår.

Utgangspunktet er at elevane ved vår skule skal få kunnskapar om sitt eige nærmiljø, men vi vil gjerne ha innspel og tilbakemeldingar frå andre som er innom sidene våre.

Landro skule ligg nord på Sotra i Fjell kommune. Sotra er ei langstrakt øy som ligg i Hordaland fylke, like vest for Bergen. Dersom du er i Bergen køyrer du vestover på riksveg 555 og du kjem snart til Sotrabrua. Følgjer du riksvegen vidare passerer du etterkvart Straume og Bildøy. Turen går vidare gjennom Kolltveit-tunnelen, før du snur mot nord på riksveg 561, eller Øygardesvegen, som han også vert kalla. Du passerer Kolltveit,Knappskog og Ågotnes før du skal ta av frå riksvegen like etter Ågotnes hotell. Køyr gamlevegen mot Solsvik, forbi Ågotnes skule, og etter ca 2 km ser du Landro skule på venstre side.(sjå kart)

Fjell kommune er ein del av Nordsjøløypa.

Her finn du stoff om dei ulike bygdene som høyrer til vår skulekrins med linkar til andre emne som vi meiner kan vera aktuelle når ein arbeider med heimstaden min: