GLIMT FRÅ EIN KJEKK DAG FOR VÅRE AVGANGSELEVAR

Besøk frå Sotra Villmarkssenter

Fredag 12. juni hadde 7. trinn eit opplegg med Sotra Villmarksenter. Denne kjekke aktivitetsdagen fekk avgangselevane våre som eit plaster på såret for at det ikkje vart skidag denne vinteren. FAU og skulen har i samarbeid dekka kostnadene.

Det var strålande fint vær, og 7. trinn hadde heile uteområdet rundt Landro kyrkje til fri disposisjon denne dagen. Det var Roger Skoge og Erlend Sæle som stod for opplegget.

Elevane blei delte opp i mindre grupper som konkurrerte mot kvarandre. I løpet av dagen blei dei losa igjennom ulike samarbeidsoppgåver. Elevane var strålande fornøgde etter ein kjekk og aktiv dag!

Vi ynskjer å takke elevane på 7. trinn for dei fine åra vi har hatt saman, og samstundes ynskje dei masse lukke til på ungdomsskulen.

Comments are closed.