FØRSKULEDAG OG ORIENTERINGSMØTE FOR FØRESETTE

Vi ønskjer elevane som skal byrje i 1. klasse til hausten velkomen til førskuledag måndag 8. og tysdag 9. juni. Vi har 32 elevar på 1. trinn, og desse blir delt i 3 grupper som møter til avtalt tid. Alle har fått heim skriftleg invitasjon til førskuledagen der det står oppført dag og tidspunkt.

Då vi står overfor litt spesielle tider kan det ikkje bli handhelsing og oppmøte i gymsalen som vanleg. Vi vil ta imot elevane saman med føresette ute i skulegarden vår. Når føresette har følgt elevane til klasserommet, ønskjer vi å invitere til informasjonsmøte i gymsalen. Her vil de få god informasjon om skulen og livet i 1. klasse. I gymsalen sit vi med avstand med tanke på smittevern.

Vi gler oss til å helse på våre nye elevar og føresette!

Comments are closed.