Flott motiv på nybygget vårt!

Elevråda ved Misje og Landro skule har samarbeidd om teiknekonkurranse for å dekorera austveggen på nybygget vårt. Det kom inn mange flotte bidrag, så det var ikkje noko enkelt val for juryen å plukke ut eit vinnarmotiv. Etter ein god prosess var juryen samde om at teikninga til Emilie Stigen var den som skulle pryde austveggen vår. På bileta ser ein juryen saman med arkitekten. Bilete er heile 5×7 meter og er eit fint blikkfang når ein køyrer eller går forbi skulen.

Comments are closed.