Elev i nye Øygarden kommune

Onsdag 24.04 var elevar frå alle skulane i nye Øygarden kommune invitert til rådhuset i Fjell for å høyre meir om kva som skjer når tre kommunar blir slått saman til ein ny og større kommune. Leon frå 6A og Stian frå 6B, begge frå elevrådet,  representerte Landro skule.

Elevane vert utfordra til å kome med idèar og visjonar for den nye kommunen. Tiltaket skal også bidra til å byggje bruer mellom menneske og etablere nye venskap.

Alle skulane i nye Øygarden kommune blei utfordra til eit plantekappløp. Vi skal plante solsikkefrø 02.05, og til hausten får ein sjå kva for ein skule som har klart å få den største solsikka.

Comments are closed.