Ei reise til steinalderen

09.mai hadde 6.trinn aktivisertbasert undervisning der elevane fekk lære om livet i steinalderen gjennom praktiske aktivitetar.
Flintsmed og arkeolog Morten Kutchera tok elevane med tilbake til ei særs spennande tid. Opplegget tok utgangspunkt i ei utstyrspakke – den såkalla steinalderkofferten som inneheldt fungerande kopiar av reiskapar og våpen frå steinalderen, basert på lokale funn. Utsyrspakka inneheldt alt frå pilar med autentiske steinspissar og velfungerande steinøksar til harpunar, fiskekrokar og synålar av bein – mykje av det steinaldermenneska trong i dagleglivet.

Av aktivitetane som elevane fekk prøve seg i var bogeskyting med trebogar av steinaldertype og produksjon av reiskapar, våpen og fiskeutstyr i steinalderen. Elevane fekk prøve å hogge skarpe reiskaper av flint, og dei fekk sjå og prøve korleis ein lagar fiskekrokar og andre reiskaper av bein.

Comments are closed.