DIGITAL KLASSE

Landro skule er med i Fjell, Sund og Øygarden sitt felles prosjekt for digital omstilling i klasseromma.

Her ved Landro skule er det 2. trinn som er først ut som digital klasse med utprøving av Chromebooks og Google sitt system. Elevane var spente og forventningsfulle då dei måndag denne veka fekk utdelt kvar sin Chromebook. Det blir spennande å følgje utprøvinga på 2. trinn der målet er at elevane skal utvikla ein god digital praksis gjennom å arbeida med IKT i dei ulike faga.

Prosjektet skule og digital omstilling arbeidar med tiltak for å heva den digitale kompetansen i skulane, så fleire klassar vil følgje på etter kvart.

 

Comments are closed.