«Bli sett» – refleksaksjon i desember og januar

I samarbeid med FAU arrangerer skulen refleksaksjon i desember og januar. Det er viktig at både skulen og heimen snakkar om kor viktig det er å «Bli sett» langs vegen no i vintermørket. Målet er at alle elevane ved Landro skule brukar refleks når dei ferdast i trafikken og langs vegen, både til og frå skulen, men også på fritida. Representantar frå FAU var med og delte ut refleksband til alle elevane i dag.

Comments are closed.