Bli med på Sykkel-VM arrangement søndag 24. september

Bli med på folkefesten når eit av verdas største idrettsarrangement rullar forbi! Søndag 24. september syklar Edwald Boasson-Hagen, Alexander Kristoff og Kristoffer Skjerping frå Sekkingstad saman med resten av dei beste syklistane i verda forbi Ågotnes! På kunstgrasbana ved sida av Tranevågen ungdomsskule skal det vere ei fansone med arrangement frå kl. 9 og utover dagen – sjå nettsida til Sykkel i Vest.

Skulane i område nord er inviterte til å delta i fansona med innslag/underhaldning på scena og heiing langs løypa. For barneskulane gjeld dette elevar frå 5.-7. klasse. Med tanke på bemanning treng vi informasjon om kor mange elevar frå 5.-7. klasse som kan delta. Vi ber òg om at de svarer dersom de ikkje kan delta. Tilbakemeldingsfrist er onsdag 20. September!

Alle føresette til elevar i 5.-7.klasse må gje tilbakemelding ved å bruke denne lenka:

Registrering for deltaking på skulearrangement i samband med sykkel-vm søndag 24.sept.

Det vil vere ulike aktivitetar i dei ulike fansonane i Fjell kommune. Her er programmet for Ågotnes fansone:
08:30 Oppmøte på friidrettsbanen på Ågotnes stadion. Sjå etter plakat med skulen sitt namn.
09:00 Salgsbodar opnar. Elevinnslag/underhaldning frå scena ved 5.-7. trinn skulane i område nord og Tranevågen ungdomsskule.
09:50 Vi går bort og heiar langs løypa.
10.05 Rittstart frå Rong – vert vist på storskjerm
10:30 Konsert i fansona med Anna og Vilde frå MGP junior
10:50 Felles VM song/dans i fansona med Absence Crew
11:10 Underhaldning i fansona med Apa frå vennebyen
11:50 Konsert i fansona med Hege Turøy
12:00 Oppmøte på friidrettsbanen på Ågotnes stadion. Elevar vert henta av føresette

Elevar frå 1.-4. klasse er sjølvsagt òg velkomne i fansonen men då i følgje med føresette!

NB! Arrangementet i fansonen er eit offentleg arrangement. Det gjeld difor andre reglar for bildetaking og filming enn i skuleregi.

Comments are closed.