Bli med å gå på tur i nærområdet!

Vi på Landro skule vil bruke det flotte nærområdet vårt til å stimulere til auka aktivitet og trivsel.

Når vi går på tur til varden på Skjenhaugen skriv vi namnet vårt i boka. Kor mange turar klarer du å gå? Ta med deg foreldre, søsken, besteforeldre, familie og vener. Alle kan skrive namnet sitt i boka om dei går i lag med ein elev frå Landro skule.

Siste skuledag vil vi trekkje fine premiar blant dei som har besøkt Skjenhaugen. Hugs at jo fleire turar du går, desto større er sjansen for å vinne premiar!

Vi ønskjer alle riktig GOD TUR!

Comments are closed.