Årsplan

SKULEFRITIDSORDNINGA

Landro skulefritidsordning (SFO) er eit frivillig fritidstilbod før- og etter  skuletid for skuleborn frå 1.til 4. klasse. Funksjonshemma  barn i 1. – 7.- klasse kan òg søke om plass.

Skulefritidsordninga gjev i år eit tilbod til born på ca. 24 timar i veka fordelt  på 5 dagar.

Skulefritidsordninga tek til kl. 07.00 – kl. 08.15 og etter skuletid kl. 12.15 – kl. 16.30. Kvar måndag og onsdag frå kl. 14.00 – kl. 16.30.

Torsdag kl. 12.30. Tysdag sluttar 3. – 4.klasse kl. 13.00

Skulefritidsordninga har ope 190 skuledagar.  Dersom ein ønskjer plass i SFO i haust -og/eller vinterferie , er tilbodet  ved Ågotnes, Brattholmen, Foldnes og Bjorøy skule. Dei som ynskjer å nytta seg av tilbodet  må søkje særskilt om dette. Søk elektronisk søknadsskjema ligg på nettsida til Fjell kommune  www.fjell.kommune.no

 NB!: SFO HAR STENGT NÅR SKULEN HAR FRI

 

  • Fredag september                                elevfri SFO/skule
  • Veke 41 (09 . – 13. oktober)                haustferie
  • Fredag 10. november Elevfri SFO/skule
  • Onsdag 21. desember                          siste skuledag før juleferien
  • Måndag 1. januar                                fyrste skuledag etter juleferien
  • 2 . februar                                          elevfri SFO/skule.
  • Veke 9 (26. feb  – 02. april)                vinterferie
  • mars – 2. april                                   påskeferie
  • Tysdag april                                       første dag etter påskeferie
  • Måndag 1. mai høgtidsdag
  • Torsdag 10. mai                                Kristi himmelfartsdag
  • Torsdag mai                                     SFO/skule fri  Grunnlovsdag
  • Fredag mai                                       Elevfri SFO/skule
  • Måndag 21. mai Andre pinsdag
  • Fredag juni                                      Siste skule/SFO dag før sommarferien.

Foreldrebetaling.

 

Morgonplass (før skuletid)                                                kr.    920.-

Heil plass                                                                        kr. 2 480.-

Ettermiddagsplass                                                           kr. 1.870.-

Ferie- SFO pr. veke  (vinter, haust og sommarferie)           kr.   845,-

 Info om betaling/faktura:

  • Det blir gitt 25 % søskenmoderasjon for det andre barnet og 50 % for det tredje. Det blir betalt for 10 månader per år. Betalingsfrist er den 30. i månaden.
  • Det blir ikkje gitt søskenmoderasjon i ferievekene.
  • Det bli fakturert for SFO frå august til og med mai månad. Juni vil være betalingsfri. Om ein seier opp plassen før juni vil ein få halv betaling i oppseiings månaden.

 

Dersom foreldre/føresette ikkje har betalt for opphaldet dei siste 3 månadene, vert barnet sagt opp og misser plassen i skulefritidsordninga.

Dersom eit barn blir henta etter opningstida (kl. 16.30), skal foreldra betale

250,- pr. på begynte time.

PERSONALET:

Personalet i fritidsordninga er samansett av rektor som har

det  pedagogiske  og økonomiske ansvaret og :

 

Dagleg leiar:                                     Kjersti Andersen Fjeldstad

Barne- og ungdomsarbeidar:                     Else Hesvik

Assistent :                                                         Randi Algrøy

Assistent:                                                          Eli Landro Lundøy                 Assistent:                                                          Iren Eide

Assistent:                                                          Monica Hakestad Sæle

Assistent:                                                          Britt Øvrebottten Landro

Barne- og ungdomsarbeidar:                             Renate Dyrøy

Assistent:                                                         Evelyn Liland Solfjell

Assistent:                                                          Aytan Norman Sawan

Lærling:                                                           Celiann Tverlid Kolltveit

 

Rammeressursar:

Barnegruppa er sett saman av  60 barn frå 1. – 4. klasse.

Vi er i år delt inn i to baser:

  1. klasse A-B + 3. klasse A-B ”BRAKKO” 32 barn,

1 klasse A.-B. +  4 klasse A-B.    utgjer  basen ”BIKUBEN” med 28 barn

Vi  er samla i desse basane etter skule tid når vi har barnemøte og når vi et.

 

ULIKE ROM SFO DISPONERER:

BIKUBEN: ” SFO- baserom”, Oksabåsen og kjøkken.

Brakko der disponerer vi 1. og  2. etasje.

 

Andre rom: Gymsal, bibliotek, datarom og grendarom.

UTEOMRÅDE/ TUR

SFO kan bruka heile uteområde som høyrer skulen til, i tillegg er her gode høve til å gå på tur i nærområdet. Vi har ikkje fast turdag, men tar det meir ”på sparket”. Vi ser det som like ”verdfullt” å leike ute på SFO.

MÅL FOR LANDRO SKULEFRITIDSORDNING:

 

Skulefritidsordninga skal dekke fleire funksjonar i barna  sin kvardag, og vi prøver i det pedagogiske arbeidet å ta omsyn til at barna har ulik alder, bakgrunn og personlegdom.

Ei sentral oppgåve for SFO er å ha tilsyn med og vise omsorg for barna i den tida foreldrene/føresette er på arbeid. Vi legg vekt på at kvart enkelt barn skal kunne føle tryggleik og varme, forståelse og trøyst- der dei vaksne ”ser” barna og er oppmerksam på deira ulike behov. Her må dei få hjelp, trøyst og oppmuntring når dei treng det.

Tryggleik vert skapt ved at barna veit kva som skal skje ved SFO, og at dei veit kva som vert venta av dei.  Det prøver  vi å oppnå ved ein fast dagsrytme, vekeplan og ved faste grenser/reglar for kva som er lov og ikkje lov ved SFO.  Dei vil få ansvar i forhold til enkle praktiske oppgåver som å dekka bord og halda orden på garderobeplassen sin.

Dei blir i det daglege oppmuntra til sjølv å organisera sine eigne leikar, og blir vist tillit og ansvar når det gjelder å utføre ulike arbeidsoppgåver på eigen hand.  I tillegg til dei individuelle omsyn som må prege SFO, meinar vi det er viktig å arbeide for fellesskapstanken.  For at SFO skal fungere er det nødvendig at barna lærer seg å ta omsyn til kvarandre, og til dei vaksne som omgir dei, vi prøver å komme fram til fornuftige reglar for åtferd og for deling av arbeid som skal ivareta interessene til alle.

Målet er å gi barna høve  til variert leik og anna verksemd, ute og inne. I SFO skal borna i størst mogeleg grad få høve til å sjølv velja kva dei ønskjer å gjera . Borna i SFO er svært initiativrike og finn på mange aktivitetar på eiga hand.  Det er difor viktig at vi i SFO ikkje blir for organiserte, og tek frå dei gleda  ved å finna på ting sjølv. Dette gjeld aktivitetar både ute og inne.  Vi prøver å finna ein balanse der dei vaksne kan vera idèskaparar, samtidig som dei støtter barna i deira idèmangfald.

Ein viktig del av barna sin kvardag er ”fri leiken”, og dette prøver vi å leggja til rette for. ”Fri leiken” er lystbetont og på barnas premissar. Her utviklar barna seg sosialt og lærer gjennom eigne erfaringar. Denne leiken ”styrer” barna sjølv, men dei vaksne kan delta både direkte og indirekte etter behov.

Personalet si oppgåve blir derfor særleg å legge  forholda til rette for å skape eit trygt og triveleg leikemiljø.  Her skal barna få hjelp til å organisere sine eigne aktivitetar, oppmuntring til sjølvstendig initiativ og til å bruke sin skapande fantasi.  Samtidig vil vi ha  tilrettelagde aktivitetar, og barna vil få oppgåver og ansvar som er naturleg i ein slik utvida ”heim”.

DAGSRYTME:

Kl.  07.00:   Opning.

Frukost er heimen sitt ansvar, men dei som ikkje har ete, får anledning til det.

Kl.  07.30:   Stille aktivitetar som lesing, spill eller liknande.

Kl.  08.00:   Vi ryddar og lager oss klar til skulen.

Kl.  08.00:   Vi går ut.

 

Kl. 08:15- kl. 12.15 tysdag og fredag stengt

Kl .08.15- kl.12.30 torsdag stengt

 

Kl. 08.15 –  kl. 14.00 måndag og onsdag. Stengt

Kl. 09.00 – kl. 12.00 Kontortid . Tlf. 55 09 78 94

Kl. 12.15:   Borna kjem til SFO og kryssar seg på lista ” si”. Går ut.

                   ( Kvar måndag og  onsdag kjem dei kl. 14.00 og torsdag kl.12.30)

Kl. 12.30:   Barnemøte. Sjå kven som er komen og  ta imot beskjeder.

Kl. 12.30:    Lekegruppe tysdag – torsdag til kl. 14.00

Kl. 12.30:    Aktivitetar – fri leik – utetid etter ønskje,

                    Vaksne ser til dei som er ute.

Kl. 13.50     Barna vasker hender og  finn fram maten sin

Kl. 14.00     Mat.

Kl. 14.30     Barna rydder etter seg, etter mat.

        Vi har fast utetid etter maten.  Barna og vaksen er ute.

Kl. 15.15     Inne/ute etter ønskje. Barna begynnar å gå heim.

                    Rolege aktivitetar inne – nokon er framleis ute.

Kl. 16.00     Rydding ute/inne.

Kl. 16.30     SFO stengjer.

AKTIVITETAR

ÅRETS TEMA:

AUGUST:                         TRYGGHET OG TRIVSEL

SEPT/OKTOBER:            VENNSKAP/HØST

NOV/DES:                        JUL

JAN/FEBR:                      VINTER

MARS/APRIL:                 PÅSKE

MAI/JUNI:                       VÅR

 

ELLERS VIL VI MARKERE NOKON MERKEDAGAR GJENNOM ÅRET.

 

Barna må få med seg eit sett byteklede og inne sko  som er merka med namn.

Det er også viktig med støvlar og regnklede.

 

Felles meldingsbok skule/SFO. Den må nyttast når barnet er borte frå SFO, når det skjer endring med den  avtalte hentinga og når barnet skal ha fri frå SFO.
Samarbeid mellom SFO og heimen er nødvendig for at barna skal ha eit best mogeleg utbytte av tida på SFO.
Informasjonsmøte første skuledag for 1. klasses foreldre/føresette. Daglig leiar for SFO er å treffa på ”Bikuben”.
Dersom ein ønskjer det kan vi også ha individuelle foreldre samtalar, ta kontakt.

NB!!
Når barna blir henta husk å gi beskjed til ein vaksen.

Landro SFO i utetida frå kl. 14.30:    Mob. 991 09 733

 

 

Dersom foreldre/føresette ikkje har betalt for opphaldet dei siste 3 månadene, vert barnet sagt opp og misser plassen i skulefritidsordninga.

Dersom eit barn blir henta etter opningstida (kl. 16.30), skal foreldra betale

250,- pr. påbegynte halvtime.

Foreldre/føresette må komma opp på SFO å hente borna sine. Av tryggleiksgrunnar er det ikkje lenger mogleg å ringa for å få borna sende ned til porten eller parkeringsplassen.

Samarbeid mellom SFO og heimen er nødvendig for at barna skal ha eit best mogeleg utbytte av tida på SFO.

Informasjonsmøte første skuledag for 1. klasses foreldre/føresette. Daglig leiar for SFO er å treffa på ”Bikuben”.

Dersom ein ønskjer det kan vi også ha individuelle foreldre samtalar, ta kontakt.

 

NB!!

Når barna blir henta husk å gi beskjed til ein vaksen.

Viktige telefonar:

Landro skule:                                  55 09 78 90.

Landro SFO:                                    55 09 78 94.

Utetida i SFO frå kl. 14.30:     Mob. 99 10 97 33