Vamos a Cuba

Prosjektet vårt våren 2002 tek utgangspunkt i rikskonsertturneen «Vamos a Cuba». Den handlar om at «2 musikarar dreg til Cuba for å lære å spele cubansk musikk. Der lærer dei landet, folket og musikken å kjenne, og slik blir konserten til».

Slik står det å lese i rikskonsertane sin omtale av konserten.

Vi får besøk av musikarane Inge Sunde, Luison Medina og Carlos Jeldes.

Inge Sunde har trompet som hovudinstrument og er utdanna musikkpedagog. Luisón Medina er fødd på Cuba i regionen Pinar del Rio. Før han flytta til Norge jobba han som musikar på Cuba. Han er no frilansmusikar og speler i m.a. fleire Salsaband i Oslo. Carlos Jeldes er frå Chile. Han har gitar og bass som hovudinstrument, og han er medlem av ulike folkemusikkgrupper.

Det blir konsert på Landro skule onsdag 24. april kl. 18.00. Elevane vil i prosjektperioden laga til ei forestilling som passar inn i Vamos a Cubaprogrammet.

Ordliste til cubansk musikk som du finn du her fann vi på sida Absolute Cuba. Der fann vi og det cubanske flagget som vaiar øvst på sida.

Så litt om arbeidet på skulen

Landro skule hadde 1. samling for lærarane om » Vamos a Cuba» tysdag 08.01.02.

Vi vart einige i å setje av vekene 14, 15 og 16 til eit prosjekt som vi kallar » Vamos a Latino americano». I denne perioden arbeider klassane med ulike tema knytt opp mot prosjektet. Vi vil óg arbeide i grupper på tvers av klassane. Det vil vere dansegrupper, rytmegrupper, spelegrupper og formingsgrupper. Teoristoffet vi bli lagt til klasseundervisninga.

 

Som førebuing for lærarane har vi tatt del i kurs på høgskulen i Bergen, avd. for lærarutdanning (3 kveldsøkter a. oml. 3 ½ time). Dei fleste av lærarane tok del.

Program for kurset:

Rytme, bruk av ulike rytmeinstr., innøving av ulike rytmemønster m.m., ped. tilrettelegging for bruk i skule

El rico vacilon. Innøving i 2 grupper. Gruppe 1: rytmekomp Gruppe 2: instr. Komp

Dans: Salsa

Samspel og dans

Kvar tysdag framover blir det vidareøving for lærarane i noko av planleggingstida. Det blir song og dans annan kvar gong, og vi fokuserer på dansane og songane som blir brukt i prosjektet.

Rytmeinstrument som passar inn i prosjektet er plassert på/ved eit prosjektbord på lærarrommet. Her er óg lagt fram litteratur m.m. som kan vera aktuelt for klassane i prosjektperioden.

Vi vil i vekene fram mot prosjektperioden arbeide med »prosjektsongane» i skulekora og i klassane slik at desse er innøvd når prosjektperioden tek til.

1. – 4. klasse vil på gladagen (vår praktisk estetiske dag som vi har kvar torsdag) arbeida med oppgåver som passar inn m.a. laga rytmeinstrument, hattar, maskar og øva dansetrinn og rytme til »Vasilon» og »Guantanamera».

Det vil i prosjektperioden bli arrangert kurs for elevane. Pinoccio musikk og drama kjem med trommer, songar, dans og drama og vil ha kurs for 2 grupper elevar a 2 timar. Dei kjem til skulen fredag 12. april. Vidare får dei eldste elevane (les 6. og 7. klasse) dansekurs på skulen med Rock`n Rolf danseskole onsdag 10. april.

Delar av programmet vil bli framført for pensjonistar/besteforeldre fredag 26. april.

Mål: Gjera noko hyggjeleg for dei eldre, samt. gje elevane konserterfaring framfor eit særleg lydhørt publikum.

Det er viktig for oss at alle elevane våre deltek aktivt. Dei får nyttig undervisning og erfaring i å delta og opptre.

Men vi samarbeider óg med kulturskulen slik at mange av våre kulturskuleelevar får ekstra utfordringar. Dei får øvingstoff frå skulen som dei tek med seg til kulturskulen. Slik får vi til eit nyttig samarbeide.

Kulturskuleelevane våre får óg konserterfaring i kulturskuleveka som går av stabelen i veka før konserten vår.

Her vil det bli lagt ut bilete og rapportar frå veke til veke i prosjektperioden.

Elevane vart møtt med musikk av «Buena Vista Social Club» då dei kom inn i gymsalen tysdag morgon etter påskeferien. Det var Cubastart. På lerretet var det eit stort kart over Cuba samt det cubanske flagget. På scena var det stilt opp rytmeinstrument, og tvers over scena var det ei snor. Det vart vist bilete om Cuba, og elevane fekk info om rytmeinstrumenta. Deretter kom ein frå kvar klasse opp på scena og tok i bruk congas. bongotrommer, claves, kuklokke og guiro og spelte saman med fengande rytmar frå høgtalarane. Resten av elevane prøvde seg på sine første cha – cha – cha trinn.

Så vart snora kutta, og vi kunne starta på vår reise til Cuba

Cuba på personalromet

Lett synleg på eit bord på personalrommet ligg cubamusikk, bøker og anna info om cuba og latin – Amerika.

Lærarane har i tida fram mot prosjektet vore på jakt etter cubastoff heime, på bibliotek og på skulen. Når det slik ligg framme så er det enkelt for klassane og lærarane å finne aktuelt stoff.

I eit hjørne av personalrommet har vi plassert aktuelle rytmeinstrument. Mange av lærarane er på førehand ukjende med fleire av desse instrumenta, og no kan dei lettare ta dei fram for eigentrening. Det er óg greit å ta dei med på veg til undervisninga. Vi trur at dei på denne måten blir meire brukt.

Og så tek vi dei fram når vi syng på personalmøta.

høgtalarane

Like før påske skjedde det katastrofale. Alle 4 høgtalarane i gymsalen slutta å virke. Ein av foreldra med kompetanse innan feltet vart sett på saka, og han kunne berre konstatere: alle høgtalarane var øydelagde.

Og vi som skulle gå i gang med Cubaprosjekt like over påske.Det var berre ein ting å gjera. Gå på jakt etter nye. Tida var knapp. Alle klassane var dagleg innom gymsalen for mellom anna å øva inn nye dansesteg.

Så etter vel ei veka fekk vi tilbod om 4 nye høgtalarar og vi slo til.

kurs med Rock´n Rolf

I vår jakt etter musikk frå Cuba slo vi opp i telefonkatalogen på Rock´n Rolf danceshop. Vi ringte og spurte etter Rolf. Men stemmen i andre enden kunne fortelle at han var opptatt med dansekurs for skuleelevar. Då var ideen sådd. Kva med å invitera han ut til oss for å ha salsa- og merenguekurs for 6. og 7. klasse?

Vi fekk ordna avtale, og kurset vart gjennomført i løpet av nokre timar onsdag 10. april.

Rock`n Rolf vart utfordra til å læra elevane noko som dei kunne opptre med på konserten seinare i månaden. Elevane fekk læra gåsteg som vart vidareført til ein merenguedans som ringdans. Største utfordringa for nokre av gutane var å halda ei jente i handa. Men etterkvart slo dei seg meire lause, og dansen sat godt etter omlag 1 time. Deretter øvde vi inn cha – cha – chastega, før vi heiv oss ut i salsarytmen.

Rolf hadde elevane i si hule hand i 2 klokketimar, og då han på oppfordring frå nokre av breakdancegutane kunne demonstrera six-step og shuffle, var det eit flott punktum på ei særdeles vellukka danseøkt.

besøk av Pinocchio musikk og drama

3. og 4. klassingane var dei heldige. Fredag 12. april fekk dei møte Eldbjørg og Mikkel frå Pinocchio musikk og drama. Dei hadde tatt turen frå Pinocchiohuset for å læra elevane cubanske rytmar og leik. Elevane var med frå første stund. Dei fekk læra å spele på claves, guirro, maracas, kuklokke og congas. Clavesrytmen var den største utfordringa. Men etterkvart sat den som den skulle, og det rikte svingte då vi sette i gang med Guantanamera. » Eg trudde ikkje eg var så god til å spele trommer», var kommentaren frå ein nøgd 3dje klassing. » Prøv å ta halen min» heitte songen som vi lærte til slutt i ein fin rumbatakt. Halve klassen stod i ein halvsirkel og sang, medan den andre halvdelen slo trommerytmen. I midten dansa 2 elevar ein enkel rumbatakt, medan dei skulle prøva å fange halen til den andre. «Dette var gøy», sa elevane og Mikkel i kor.

Gymsalen er stengt for gymnastikk og utleige i veka før konserten. I staden er salen i bruk til øving av ulik slag. Det kan vera ein klasse som vil øva inn nokre dansetrinn eller som vil stå oppstilt som kor når dei syng på prosjektsongane. Det kan vera grupper som speler på rytmeinstrument eller enkeltelevar som får spele på sitt instrument.

Elevane har i prosjekttida produsert overskrifter, kart, flagg, teikningar, instrument, maskar og veggaviser.

Lærarane brukte deler av ein ettermiddag til å pynta gymsalen med elevarbeida. Her er nokre av resultata.

Ein vegg på skulen er sett av til «teikninga denne månaden». Alle klassane er representerte kvar månad og temaet i april var sjølvsagt «Vamos a Cuba».

Så endeleg var dagen kommen. Musikarane møtte på skulen kl. 09.30, dei fekk hjelp av elevar frå 6. klasse til å bæra utstyr.

Kl. 10.00 møtte elevane som skulle delta med dans, rytme, sang og musikk. Luison øvde med dansegruppa og sangsolistane, Carlos hadde ansvar for rytmegruppa medan Inge øvde med blåsarane. Dei øvde fram til kl. 11.00. Då var det tid for kaffipause. Kl. 11.30 møtte alle gruppene i gymsalen for samkjøring. Dei heldt på til oml. kl. 12.30. Resultatet vart bra, og vi kunne sjå fram mot ein spennande konsert seinare på kvelden.

Ord som gjekk igjen då vi spurde elevane om kva dei syntest om konserten og prosjektet var det nokre ord som stadig gjekk igjen: kult, gøy, spennande. Alle dei spurde elevane har hatt ei særs positiv oppleving.

Nokre av elevane i 7. klasse hadde dette å seie etter konsertdagen.

” Eg synest at ”Vamos a Cubaprosjektet var kult. Vi fekk besøk av ein som lærte oss å danse merenge (med partnar). Vi lærte cubanske sangar og vi lagde maskar av gips. Vi fekk besøk av 3 flinke musikarar: Carlos, Luison og Inge. Alt gjekk bra under konserten, og 2 dager etterpå opptrådde vi for dei eldre i bygda. Så prosjektet har vore vellukka.”

” Eg synest at prosjektet har vore både gøy og spennande. Eg har lært utruleg mykje: dansar, songar, rytme, osb.

Då vi øvde før konserten var Luison flink til å læra oss å dansa. Konserten var veldig bra, sjølv om eg var veldig nervøs. Vi har vore utruleg heldige som har fått vere med på dette, synest eg. ”

» Vi har laga maskar, det var kjekt. Vi har óg øvd og sunge mange ulike songar. Vi har lært å dansa med ein danseinstruktør som heiter Rolf. Vi har funne mykje informasjon om Cuba.

Konserten var kjempegøy, sikkert den beste konserten som har vore på skulen.»

2 dagar etter Vamos a Cuba konserten var det tid for hyggjestund for besteforeldre og pensjonistar i bygda.

Etter invitasjon var det 74 påmelde, og dei møtte alle fram på skulen kl. 10.00. Gymsalen var alt pynta til Cuba fest (etter konserten), og 6. klassen hadde sett fram stolar og småbord. Klassekontaktane hadde ordna med kaker, og 7. klassen kokte kaffi og serverte. Etter ei kort innleiing av rektor der han fortalde litt om skulen i dag, kom 1. klassen inn på rekkje og rad, stilte opp og sang: » La oss være venner». Mange smil å sjå hos publikum.

Deretter kom dei inn på rekkje og rad , alle hadde fått tidspunkt når dei måtte stille utanfor gymsalen. Månge av dei som spelte var elevar i kulturskulen. Det var musikk på piano, kornett, hardingfele og blokkfløyte, det var diktlesning og song, 2. – 4. klasse framførte rumbaleiken frå konserten, og det var dans av 7. klasse. Til slutt framførte skulekoret nokre av songane frå «Vamos a Cubakonserten. Elevane fekk god og velfortent applaus. Takk til alle gjestane våre, for eit slikt inspirerande publikum skal ein leite lenge etter. Og skal ein dømme etter respons og godord så var dette eit særs vellukka punktum på eit elles framifrå prosjektet.

Takk til elevar, lærarar og foreldre for god innsats.