Utvikling i 2000 år – Landro skule på veg mot framtida

Utvikling i 2000 år – Landro skule på veg mot framtida. Vi hadde sett av tida mellom vinterferien og påskeferien til å arbeida med prosjektet. Vi laga ei tidslinje frå år 0 til å 2000. Kvar klasse fekk sin plass på tidslinja, og dei brukte tida i klasserommet til å arbeida med ulike emne i den aktuelle tidsepoken.
Resultatet av prosjektet vart presentert på ei tilstelling i slutten av prosjektperioden. Det blei utstilling i klasseromma og program i gymsalen.

Tidslinja såg slik ut:
2. klasse : år 0 – år 100

1. klasse(B): år 100 – år 500

3. klasse: år 500 – år 800

1. klasse(A) år 800 – år 1030

6. klasse: år 1030 – år 1500

7. klasse: år 1500 – år 1750

4. klasse: år 1750 – år 1900

5. klasse: år 1900 – år 2000

Programmet «Utvikling i 2000 år – Landro skule på veg mot framtida» vart vist på skulen torsdag 13 april. Heile skulekoret starta med prosjektsongen «før 2000». Sjølve reisa i tid starta kring år 30 e.Kr. 2 klasse framførte eit lite påskespel. Deretter gjekk turen raskt vidare til dei norrøne gudane. 3. klasse og klasse 1.b presenterte for oss både Odin og Tor og fleire andre gudar. Deretter var det tid for kongespel. Det var 6. klasse som hadde øvd inn spelet om kong Sverre. Då Sverre vann over kong Magnus var det tid for fest. Klasse 1.a vart medpå festen. Dei dansa ein flott vikingdans. Reisa gjekk raskt vidare til renessansen. 7. klasse framføre ein renessansedans iført kjoler og dress. Dei hadde òg laga ein dramatisering av glimt frå Luther sitt liv. 4. klasse heldt seg til kring år 1800, og her fekk vi vita litt om livet på garden, og om utreise til Amerika. 5. klasse avslutta det heile med ein «rap» der dei presenterte kjende namn og personar frå vårt århundre.

Kvelden vart avslutta med at foreldra vart invitert rundt i klasseromma for å sjå på kva elevane har arbeidd med i prosjektperioden.