Torbjørn Egner

Prosjekt «Thorbjørn Egner» 2004

Heile skulen hadde sett av november til å arbeida med Thorbjørn Egner sine songar og forteljingar. Vi fann fram igjen lesebøkene hans og forteljingane om Ola – Ola Heia ser framleis ut til å nå inn til elevane. Elles besøkte vi Hakkebakkeskogen, Karius og Baktus, kaptein SorteBill, bamsefar og mange fleire av Egner sine figurar.

Prosjektet vart opna høgtidleg i gymsalen måndag 1. nov. Her møtte Egner opp og fortalde om den rike mannen, det var snorklipp og vi slutta av stunda med «dyrene i Afrika». Noko av det som elevane arbeidde med desse vekene vart presentert i ei forestilling for foreldra torsdag 25. nov. kl. 18.00.