NRK TV 50 år

NRK TV 50 ÅR

Vårt årlege prosjekt i skuleåret 2010/2011 var å markera NRK TV sitt 50 års jubileum. Vi valde å arbeide med dei ulike tiåra frå 1960 til år 2000 slik at kvart trinn hadde sitt tiår. Dette spegla seg òg under forestillinga som vart til etterkvart som arbeidet i klassane tok til.

Vi hadde 2 kveldsforestillingar for full gymsal og ei forestilling på dagtid der vi presenterte delar av forestillinga for 140 seniorar.

"No har eg fuska litt..."

Malin Landro (6. kl.) tok Ingrid Espelid på kornet då ho på eit stort fellesarrangement på Landro skule imiterte den kjente TV-kokken.