Landro skule 50 år

Landro skule, slik den no ligg langs vegen mot Solsvik, vart bygd i 1962. 50 årsjubileet vart markert i november med pølsefest for elevane og fest for tilsette og innbedne gjestar.
Dei 3 rektorane på desse 50 åra, Rakel Bjorøy, Karstein Lunde og Willy Tangen var alle tilstades.
På festen hadde vi ulike elevinnslag og musikk ved noverande og tidlegare tilsette. Rakel Bjorøy vart intervjua av Vigleik Brekke. Ho kom med mange visdomsord om skulen og samfunnet.