Kommunikasjon

Heile skulen vil ta del i prosjektet «kommunikasjon» denne hausten. Vi har sett av 3 veker til prosjektet, veke 45, 46 og 47 med høgtidleg opning i gymsalen måndag 4. nov. I prosjekttida vil vi arbeida klassevis og i grupper på tvers av klassane. Arbeid og innhald vil bli lagt ut på denne sida etterkvart. Noko av arbeidet vil gå med til å førebu seg til konserten med Terje Isungset og Karl Seglem. Dei kallar seg «Isglem» og vert rekna for å vera ei av dei leiande norske gruppene innan fri improvisasjon.

 

Produsent for konserten » klangbilde» blir Håkon Skoge som m.a. produserte » lydyngel på sporet» i jernbanehallen under festivalen lydyngel i Bergen 21. – 25. nov. 2001.

Vi er blitt utfordra til å tenkje utradisjonelt m.o.t. konsertlokale. Vi ynskjer difor ikkje å ha konserten i gymsalen men i eit gammalt nedlagt krabbemottak på Solsvik. Lokalet vil i seg sjølv kunne vere med å skape ein maritim stemning, men vi har fått løyve at eigar til å hjelpa til med utstilling av ulik slag.

Ei av gla´dagsgruppene i 1. – 4. klasse har klangbilete som tema. Dei tek utgangspunkt i spørsmålet: Kva er musikk? Dei startar i gymsalen med ein lydkomposisjon, går over til å teikne kva dei meiner er musikk. Så går dei ut på «jakt» etter musikken. Vi lyttar på fuglar, vinden, bilar, bekken m.m. og finn ulike «musikkinstrument» som elevane tek med tilbake til skulen. Det blir mange slaginstrument som pinnar og steinar. Ein 1. klassing kom til læraren fortvila og sa følgjande ved slutten av økta: Eg har mist musikken . (konglene hennar var borte). Det tok ikkje lang tid før musikken var på plass igjen og jenta var nøgd.

Naturinstrumenta blir plassert på eit bord i gymsalen til utstilling. Dei vil bli brukt på korøvingane i tida fram mot konserten.

Fram mot konserten den 22. nov. har klassane førebudd seg på ulikt vis. Mange av klassane har i teikneformingstimane arbeidd med bilete og teikningar av fisk og sjøfugl til utsmykning av konsertlokalet. SFO har laga ein modell i isopor av ein kval. Nokre av elevane har vore opptekne av å laga eventyr, dokketeater, dans og drama som ei utfordring til musikarane. Siste veke før konserten var det mykje jobbing med å klargjere krabbemottaket til konserten. Eit stort garn fungerte som bakteppe og i det hengte vi alt vi kunne få tak i av maritimt utstyr. Midt i lokalet plasserte vi ein robåt. Den skulle vi m.a. bruka i eit innslag under konserten. Konsertlokalet heldt ein temperatur på omlag 10 grader, så elevane fekk beskjed om å kle seg godt.