Jakta på melodiane

 Jakta på melodiane hausten 2001

 «Jakta på melodiane»er eit komposisjonsprosjekt med komponisten Magnar Åm som fagleg vegleiar. Som musikarar til konsertturneen har prosjektleiinga engasjert Marianne Juvik Sæbø, song, Snorre Bjerc, perkusjon og Helge Lilletvedt, keyboard.Produsenten Lostein Stalheim blir óg med på heile turneen.

Ide og bakgrunn for opplegget er å synliggjera og ta vare på prosessen som ein komponist arbeider med, i form av inspirasjon, tema, assosiasjon, eksperimentering, leik, etterlikning, skaping og notasjon. Ein kan lesa meire om dette og andre prosjekt på KOS sine heimesider.

Vi på Landro skule har fleire gonger med hell arrangert personalseminar i forkant av skuleprosjekt. Vi ser det som særs viktig at heile personalet kjenner mest mogleg til eit prosjekt og er motivert for arbeidet før vi set i gang. Difor reiste lærarar, assistentar og kontorpersonale på seminar 2 dagar etter storsamlinga på Stord ( 21. og 22. september). Vi brukte ein av dagane til «jakta på melodiane» og vi følgde Magnar Aam sin framgangsmåte:

Generelt om det å komponera.

Åleine – korleis arbeide med emnet i klassane før arbeidet med melodiane/tekstane tek til.

Notasjon – notehøgd, rytme, intervall Dette var meint som eit oppfriskningskurs for lærarar/assistentar, men òg lagt opp som samtale om korleis arbeida med dette i klassane.

Laga melodi: Vi følgde Magnar Aam sine trinn, og alle laga sin melodi og tekst. Nokre var skeptiske med ein gong, særleg til det å skriva om det å vera «åleine» og utlevera det til dei andre. Vi fokuserte mest på melodiskrivinga. Her vart det mykje latter , folk koste seg og mange vart imponerte då dei høyrde sin melodi spelt med akkordar i eit fint arrangement.

Konklusjonen på samlanga var eintydig. Den hadde gjort sitt til å ufarleggjera komponering , alle følte seg litt meire kompetente til å starta arbeidet i eigen klasse.

Arbeidet tok til i klassane måndag 24. september. Vi hadde då 14 dagar til disposisjon. Magnar Aam skulle komma til skulen 3 veker etterpå, men i denne perioden var det òg haustferie. Vi synest nok at det vart litt travelt, særleg med omsyn til at vi først skulle arbeida med temaet «åleine». Dette vart gjort i alle klassar. Dei snakka og skreiv om positive og negative sider ved det å vera åleine. Erlend sitt dikt kan stå som ein konklusjon på dette arbeidet:

Å vera åleine kan ver` greit av og til
Då kan du gjera nesten kva du vil
Å vera åleine kan også vera leit.
Då er det ikkje så veldig greit.

2 av gla`dagsgruppene i 1. – 4. klasse arbeidde vidare med komponeringa. (Kvar torsdag har vi gla`dag. Då fokuserer vi på dei praktisk estetiske faga og arbeider i grupper på tvers av klassane.)

Elles vart vi einige i å plukka ut melodiar til Magnar Aam frå 5. – 7. klasse. Arbeidet med melodiane starta i desse klassane med at kvar elev fann sine 3 tonar. Her vart notekyndige elevar brukt som hjelpelærarar.

2 av musikklærarane vart frigjort til å hjelpe elevane vidare i «jakta på sin eigen melodi». Dei arbeidde vidare med melodiane i gruppar på 2 – 3 elevar. Elevane sine songar/melodiar vart framført på ei korøving. Det var stor stemning og applaus og trampeklapp til dei ulike framføringane.

Utvelginga av 14 melodiar og tekstar var det dei 2 musikklærarane som gjorde. Vi såg på melodi og tekst, kor kreativ og sjølvstendig eleven hadde vore under komponeringsøkta, og i kor stor grad eleven ville få utbytte av eit møte med Magnar Åm.

Prosjektleiar hadde sett av dagen til å vera saman med elevane i møte med Magnar Åm. Første økta var dei 14 elevane samla, og Magnar Åm snakka til dei om prosessen dei hadde vore gjennom til no. Deretter tok han med seg ein og ein elev til eit anna rom for å arbeida vidare med melodien.

Vil du ha det slik ?

Planen var at lokalpressa skulle vera med denne dagen. Dette let seg ikkje gjera. I staden hadde vi besøk av pressa på dagtid, snakka om prosjektet generelt og «jakta på melodiane» spesielt. Vi vart einige i at dei òg skulle vera tilstades på konserten og skriva om prosjektet/konserten i etterkant av denne. Lokalpressa var óg til stades på konserten på Ekerhovd oppveksttun 26. nov. 01.

Magnar Åm tok med seg elevarbeida til for etterarbeid. Etter nokre dagar fekk vi tilbakemelding og framlegg til framføring og elevdeltaking. Så var det berre for oss å gp i gang med øving i kor og hjelpa dei elevane som skulle spela piano og blåseinstrument i gang med øving.

Skulekoret hadde generalprøve 13.11, og her følgjer rapport frå sjølve konsertdagen:

Rapport frå skulekonsert på Landro skule 14.11.01

Denne konserten var den første i turneen med komposisjonsprosjektet:» Jakten på melodiene» med temaet «åleine».

Frå skulen si side opplevde vi dette som ein vellukka og fin konsert. Musikarane var lette å samarbeida med, og øvinga gjekk svært fint!

Vi ønskte at samtlege elevar i 1. – 7. klasse skulle ta del i konserten. Dette blei realisert ved at dei 2 skulekora song på 3 av dei 14 songane. Elles var det 2 elevar frå 5. klasse og ein elev frå 6. klasse som var aktive under konserten ved at dei spelte på sin song.

Dagen hadde følgjande timeplan:

08.45 rigging av utstyr (4 elevar frå 7. klasse hjelpte til)
09.00 -09.45 øving med musiserande elevar
09.45-10.40 øving med skulekor
10.40-11.00 musikarane øver for seg sjølve
11.00-12.00 pause
12.00-12.15 kort generalprøve med skulekoret
12.15-13.00 konsert

Etter konserten fekk vi somme av elevane til å koma med sine reaksjonar:

Flott konsert med vakre elevkomposisjonar

Om lag 20 foreldre i tillegg til elevane og personalet ved skulen, fekk onsdag 14. november oppleva ein skulekonsert utanom det vanlege i gymsalen. Det som var spesielt ved denne konserten var at elevane sjølve hadde laga dei tekstane og melodiane som blei framførte.

Konserten sette sluttstrek for komposisjonsprosjektet «Jakta på melodiane» som elevane har arbeidd med i haust. Endeleg blei det framføring for dei 14 elevane som blei plukka ut. Musikarane som stod for framføringa var:

Marianne Juvik Sæbø (song), Snorre Bjerck (trommer) og Helge Lilletvedt (keyboard). I tillegg var produsenten Jostein Stalheim med på konserten.

Komponisten Magnar Aam som vitja skulen i oktober, hadde arrangert og sett i saman dei ulike tekstane og melodiane. Gjennomgangstema for konserten var kjensleordet «åleine».

Konserten starta med Beate Johannesen sin vakre melodi som læraren vår, Rune Lynglund, spelte på kornett «kompa» av orkesteret og Marianne Juvik Sæbø.

Skulekoret var med på neste song. Det var Erlend D. Lotsberg sin tekst og melodi som sa noko om at: » å vera åleine kan ver´ greit av og til». Erlend spelte sjølv piano på denne songen. Så fekk vi høyre eit rørande dikt skrive av Eirin Ellingsen som blei nydeleg framført av Marianne Juvik Sæbø.

Oda Grindheim i 5. klasse imponerte med sin mjuke, fine tone i trombonen på sin melodi. Denne songen var óg skulekoret med på. Kristine Angeltveit spelte sjølv piano på sin stemningsfulle melodi. Det blei liv og røre i salen når vi fekk høyre Robert (5. klasse) sin melodi med festleg countryarrangement. Konserten blei avslutta ved at skulekoret sang Ingvild Aase sin fine melodi som kanon. Dei 14 unge komponistane kom fram etter konserten og mottok ein varm applaus.

Rune Lynglund delte ut blomar til dei dyktige musikarane, samt produsent Jostein Stalheim og takka for flott innsats og godt samarbeid.

Tekst: elevar frå 6. klasse

elev 5. klasse: Eg syntest det var gøy å lage song. Songane var finare enn eg trudde. Dei var kjempeflinke til å spela. Når dei spelte og song var det litt dumt at ikkje min song blei trukke ut blant dei finaste. Men det var fine songar og dikt som blei framførte.

elev 5. klasse: Han som spelte trommer var flink. Sangen til Eirin var gøy og Robert sin var veldig fin. Oda sin var óg fin. Ho spelte fint og klårt på trombonen. Erlend var flink til å spela piano, og songen var fin og trist.

elev 6. klasse: Før tenkte eg at eg er flink å spela instrument, men å laga musikk det kom eg aldri til å gjera. Då eg hadde laga denne melodien, syntest eg at det var så gøy at eg lagde ein til som heiter «venner».

elev 5. klasse: Eg syntest dei som spelte var flinke. Eg hadde ikkje trudd at det skulle bli så fint. Eg synest at dei som hadde skreve songane var veldig flinke. Eg synest Robert sin song var svært tøff.