Her er mitt land! Her vil eg bu!

Torsdag 22.mai inviterte Landro skule til forestilling for foreldra. Den raude tråden denne gongen var grunnlovsjubileet. Etter at elevane hadde marsjert inn til tonane av «kong Harald V `s marsj», heldt programmet fram med glimt frå vår nære og fjerne fortid.

Her var det songinnslag frå ulike tider, trolldans, demonstrasjonstog for stemmerett for kvinner og 17.maitog . Her var innslag om vaksinasjonsprogrammet, samferdsle med rallarvise, kjende personar som Ibsen, Munch og Amundsen. Kong Håkons tale til folket frå London i 1940 vart avslutta med songen «Kringsatt av fienden og filmavis frå 1945. Vi hadde òg innslag om Torbjørn Egner.
Programmet vart bunde saman av 7.klasse sin dramatisering grunnlovsarbeidet på Eidsvoll . Vi vart teken tilbake til 1814 via ein app som nokre av elevane hadde fått lasta ned på mobilen.

Eit rikt og variert program vart avslutta med «Ja vi elsker dette landet», og skal ein dømme etter reaksjonen til foreldra, vart det ein særs vellukka ettermiddag.

Programmet vart òg vist for besteforeldre og seniorar i bygda.